Opna hovudmenyen

Carola Häggkvist

svensk musikar

Carola Maria Häggkvist (fødd 8. september 1966) er ein svensk popsongar fødd i Hägersten i Sverige.

Carola Häggkvist
Carola Häggkvist in June 2015.jpg
Fødd8. september 1966
FødestadStockholm
OpphavSverige
Aktiv1983–
Sjangerpop
Instrumentvokal
PlateselskapSonet Records
Verka somsongar
Gift medRunar Søgaard
PrisarKongens medalje

Det musikalske gjennombrotet hennar kom med songen «Främling» i 1983. «Främling» var Sverige sitt bidrag i Eurovision Song Contest, der låten kom på tredjeplass. Over ein million eksemplar av songen vart selde, noko som då var salsrekord i Sverige. I 1991 deltok ho igjen for Sverige i Eurovision Song Contest og vann då konkurransen med songen «Fångad av en stormvind». Carola representerte Sverige endå ein gong i Eurovision Song Contest, i 2006. Då vart ho nummer fem med songen «Invincible».

Carola har gjeve ut ei rekkje plater og CDar. Ho var gift med den norske predikanten Runar Søgaard, men dei er no skilde.

Utvalte songarEndra

  • «Främling» - 1983
  • «Fångad av en stormvind» - 1991
  • «Invicible» - 2006

EurovisionEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Denne musikarartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.