Bjarne Erlingsson

(Omdirigert frå Bjarne Erlingssøn)

Bjarne Erlingsson (12501313) var ein norsk baron som var eigar av Bjarkøygodset og ætting etter svigersonen til Tore Hund. Han var ein del av formyndarskapet etter at Magnus Lagabøter avleid.

Bjarne Erlingsson
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. hundreåret
Død

7. juli 1313
Trondheim

Yrke Lehnsmann
Far Erling Ivarsson
Våpenskjoldet til Bjarne Erlingsson på eit drikkehorn i Nationalmuseet i København.
Foto: Arne Kvitrud, 2011

Bjarne Erlingssøn fekk kontroll over Giskegodset i tillegg til Bjarkøygodset i 1302 gjennom giftarmål med Margreta Nikolasdatter. På denne måten vart han den rikaste mannen i landet. Erlingsson vart lyst i bann av kyrkja saman med Andres Plytt i 1280 eller 1281 fordi han kalla tilbake biskopen sitt myntbrev og minska tienden frå Hålogaland og på Brurberget erklærte Våganboka ugyldig og sa at kongen ikkje ville ha fleire lovbøker i landet enn ei, og at berre kristenretten frå erkebiskop Sigurds og kong Håkons dagar skulle gjelde..

Bjarne Erlingsson var ein del av riksrådet både under Eirik II Magnusson og Håkon V Magnusson, og han deltok ofte i ambassadar til England og Skottland.

Bjarne Erlingsson brukte griffen som merket sitt.

Kjelder

endre