Bjarne Flem
Bjarne Flem (30. september 1914–8. desember 1999) var ein norsk fiskar og politikar for Venstre. Han var stortingsrepresentant frå 1965 til 1973.
Bjarne Flem | |||
Fødd | 30. september 1914 | ||
---|---|---|---|
Død | 8. desember 1999 (85 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Flem vart fødd i Haram og voks opp på Flemsøya i Haram. Han var yrkesaktiv som fiskeskipper frå 1938 til han vart vald inn på Stortinget i 1965. Den høgste utdanninga hans var radio- og kystskippereksamen frå 1943.
I ungdommen var Flem formann i det lokale Ungdomslaget og var òg formann i Flemsøya fiskarlag 1936-1938. Han hadde styreverv i Sunnmøre fiskarlag frå 1948 til 1966, ein del av tida som formann. I 1947 vart han vald inn i kommunestyret i Haram og sat der éin periode, seinare ein periode til frå 1963 til 1966.
Frå 1961 til 1965 var han 1. vararepresentant til Stortinget frå Møre og Romsdal. I 1965 vart han vald inn og sat to periodar på Stortinget, fram til 1973. Då Venstre vart splitta i 1972 høyrde til Flem mindretalet i stortingsgruppa som vart verande i Venstre. Frå 1973 til 1977 var han igjen 1. vararepresentant.