Bjoneroa
Bjoneroa er ei bygd i Gran kommune i Innlandet med om lag 500 ibuarar. Bygda ligg på vestsida av Randsfjorden, der Bjonevassdraget renn ut i innsjøen. Landskapet er dominert av skogkledde åsar som når opptil 400 meter over havet.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/ff/Bjoneroa_fra_Randsfjorden.jpg/220px-Bjoneroa_fra_Randsfjorden.jpg)
Bygdesenteret ligg der riksveg 245 møter fylkesvegen over til Ådal. Her er både Sørum kyrkje, Bjoneroa skole, eldresenter, kulturbygg med både bibliotek og symjehall, brannstasjon, samt butikk og bensinstasjon.
Mange i bygda pendlar til arbeid i grannekommunane Jevnaker og Ringerike. I bygda er folk sysselsett i offentlege yrke, noko skogbruk og landbruk, samt sesongbasert turisme.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bjoneroa» frå Wikipedia på bokmål, den 8. april 2015.