Randsfjorden er den fjerde største innsjøen i Noreg, og var den nest største i Oppland fylke. Noverande tredje største i det nye Innlandet fylke. Innsjøfjorden ligg i opplandskommunane Jevnaker, Gran, Søndre Land og Nordre Land. I nord har innsjøen tilsig frå elvane Etna og Dokka. Randsfjorden renn ut via Randselva ved Jevnaker i sørenden av innsjøen.

Randsfjorden
innsjø
Land  Noreg
Fylke Akershus, Innlandet
Kommunar Jevnaker, Gran, Søndre Land, Nordre Land
Høgd over havet 131.3-134.5 moh.
Areal 140,69 km²
Middeldjupn 52 m
Største djupn 131 m
Volum 7,31 km³
Kystlengd1 202,98 km
Koordinatar 60°23′25″N 10°23′39″E / 60.39028°N 10.39417°E / 60.39028; 10.39417
Kart
Randsfjorden
60°23′25″N 10°23′39″E / 60.390277777778°N 10.394166666667°E / 60.390277777778; 10.394166666667
Wikimedia Commons: Randsfjorden
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Randsfjordferga ved Horn fergekai
Foto: Ole Anders Flatmo

Randsfjorden ligg 135 moh. og har ei flatevidd på 141 km². Den største djupna er 131 meter. Randsfjorden er ein fjordsjø som vart danna av isen under og etter siste istid. Området utgjer ei svak sone i jordskorpa på grunn av ein forkasting, der austsida har sklidd ned medan vestsida er pressa opp. Bergartslaga er dermed best bevart i aust der ein finn kambrosilurske skifer og i høgareliggande område permiske lavabergartar. Desse laga er erodert på vestsida og ein finn prekambrisk grunnfjell. Innsjøbassenget når på det djupaste ned til omlag havnivå.

Randsfjorden var ei viktig årsak til busetnadsmønsteret på Hadeland. Utanfor Eidsand ligg fleire øyar, mellom anna Kongeøya og Sandøya. I nyare tid har ein laga fleire golfbanar rundt sjøen.

Randsfjordferja kryssar Randsfjorden mellom Horn og Tangen.

Snorre skriv at ein gong kong Halvdan Svarte hadde vore på besøk på Hadeland, reiste han over Randsfjorden på veg heim. Då gjekk han gjennom isen med hest og slede og drukna.