Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark

nasjonalpark i Trøndelag fylke, Noreg

Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark (sørsamisk Låarte-Skæhkere nasjonalpark) er ein norsk nasjonalpark som ligg i Trøndelag fylke i kommunane Verdal, Steinkjer, Snåsa, Grong og Lierne. Nasjonalparken utgjer eit område på 1924 kvadratkilometer og vart oppretta ved kongeleg resolusjon 17. desember 2004.

Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark
nasjonalpark
Skjækerhatten.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Kommunar Grong, Lierne, Snåsa, Steinkjer, Verdal
Areal 1 924 km²
Planter gran, furu, bjørk
Dyr våtmarksfuglar, rovfuglar,
ugler, fjellrev
Oppretta 17. desember 2004
Tilknytte
verneområde
Skjækra landskapsvernområde, Berglimyra naturreservat, Klumplifjellet naturreservat

Blåfjella - Skjækerfjella nasjonalpark
64°9′0″ N 13°13′0″ E

Rundt nasjonalparken er det oppretta Skjækra landskapsvernområde og Berglimyra og Klumplifjellet naturreservat, som igjen er knytte saman med Lierne nasjonalpark. Til saman utgjer området eit av dei største samanhengande verneområda i Noreg på 2369 km2, som igjen er knytte saman med verneområde på svensk side av grensa. Den tidlegare Gressåmoen nasjonalpark er ei eiga sone innan Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark.

Verneområdet er eit samanhengande villmarksområde med overgang frå lågland til høgfjell. Nasjonalparken er dominert av lågfjellsområde med slake terrengformer, men også høgfjellsparti. Botanisk er nasjonalparken møtestad for kyst- og fjellplanter, og sørlege, austlege og nordlege artar. Områda har eit rikt fugle- og dyreliv, og fleire av artane er sårbare. Mellom anna er området eit yngleområde for fjellrev.

Forvaltninga av nasjonalparken skjer med stor grad av hjelp frå lokale krefter. Området er sentrale sørsamiske bruks- og busetnadsområde der det er drive reindrift i lange tider. Verneforskriftene legg opp til at denne verksemda skal kunne førast vidare.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra