Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark
Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark (sørsamisk Låarte-Skæhkere nasjonalpark) er ein norsk nasjonalpark som ligg i Trøndelag fylke i kommunane Verdal, Steinkjer, Snåsa, Grong og Lierne. Nasjonalparken utgjer eit område på 1924 kvadratkilometer og vart oppretta ved kongeleg resolusjon 17. desember 2004.
Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommunar | Grong, Lierne, Snåsa, Steinkjer, Verdal | ||
Areal | 1 924 km² | ||
Planter | gran, furu, bjørk | ||
Dyr | våtmarksfuglar, rovfuglar, ugler, fjellrev | ||
Oppretta | 17. desember 2004 | ||
Tilknytte verneområde |
Skjækra landskapsvernområde, Berglimyra naturreservat, Klumplifjellet naturreservat | ||
Blåfjella - Skjækerfjella nasjonalpark 64°13′00″N 13°06′33″E / 64.2168°N 13.10929°E |
Rundt nasjonalparken er det oppretta Skjækra landskapsvernområde og Berglimyra og Klumplifjellet naturreservat, som igjen er knytte saman med Lierne nasjonalpark. Til saman utgjer området eit av dei største samanhengande verneområda i Noreg på 2369 km2, som igjen er knytte saman med verneområde på svensk side av grensa. Den tidlegare Gressåmoen nasjonalpark er ei eiga sone innan Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark.
Verneområdet er eit samanhengande villmarksområde med overgang frå lågland til høgfjell. Nasjonalparken er dominert av lågfjellsområde med slake terrengformer, men også høgfjellsparti. Botanisk er nasjonalparken møtestad for kyst- og fjellplanter, og sørlege, austlege og nordlege artar. Områda har eit rikt fugle- og dyreliv, og fleire av artane er sårbare. Mellom anna er området eit yngleområde for fjellrev.
Forvaltninga av nasjonalparken skjer med stor grad av hjelp frå lokale krefter. Området er sentrale sørsamiske bruks- og busetnadsområde der det er drive reindrift i lange tider. Verneforskriftene legg opp til at denne verksemda skal kunne førast vidare.
Kjelder
endre«Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
endre- Blåfjella-Skjækerfjella/ Låarte-Skæhkere nasjonalpark Arkivert 2014-05-27 ved Wayback Machine. på nettsidene til Lierne Nasjonalparksenter
- Blåfjella-Skjækerfjella/ Låarte-Skæhkere nasjonalpark Arkivert 2014-05-27 ved Wayback Machine. på nettsidene til Miljødirektoratet