Blåskjerdingen er ein fjelltopp på grensa mellom kommunane Ålesund i vest og Vestnes i aust. Bygda Vatne ligg på vestsida, og Tomrefjorden på austsida. Eit skar delar toppen i to. I nord ein smal topp på 1069 m, og i sør eit langstrakt platå som når 1062 m. Fjellet er lett å nå frå fleire kantar. Med sin posisjon nær havet og berre omgitt av lågare fjell er Blåskjerdingen godt synleg mange stader i ytre og midtre delar av distriktet.

Blåskjerdingen
fjell
Blåskjerdingen zooma inn frå Trolltinden i aust.
Land  Noreg
Område Vestnes og Ålesund
(Møre og Romsdal)
Høgd 1 069 moh.
Primærfaktor 754 m
Sekundærfaktor 13 km
Kart
Blåskjerdingen
62°35′49″N 6°44′01″E / 62.596944444444°N 6.7336111111111°E / 62.596944444444; 6.7336111111111
Wikimedia Commons: Blåskjerdingen

Blåskjerdingen er det høgste fjellet i Haram kommune. På veg opp til Skjerdingen er det eit rikt planteliv. Dette vart første gong kartlagt av presten Hans Strøm, som skreiv om dette i «Beskrivelse over Søndmør» frå 1766.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.