Blåstrupe

art av sporvefuglar

Blåstrupe (Luscinia svecica) er ein arktisk fugl. Hannen har ein kraftig blå flekk med eit rustraudt midtparti på strupen. Varselropet er «huitt tækk tækk tækk»; songen skal vere vakker og variert. Blåstrupen er ein slank fugl som vert om lag 14 cm lang og 18 gram tung.

Blåstrupe
Blåstrupe hann
Blåstrupe hann
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av blåstrupe
Utbreiinga av blåstrupe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Flugesnapparfamilien Muscicapidae
Slekt: Luscinia
Art: Blåstrupe L. svecica
Vitskapleg namn
Luscinia svecica

Global utbreiing

endre

Arten er vidt utbreidd innanfor palearktis frå Europa i vest og austover gjennom Asia. Han finst også i det vestre Alaska.

Leveområde i Noreg

endre

Blåstrupen finst i fjellet i Sør-Noreg og i fjellet og ut til kysten i Nord-Noreg.[2] Han likar best irrgrøne fjellbjørkeskogslier og vierkjerr langs lågalpine våtmarker, men kan også treffast i skog der or, furu og gran dominerer. Det er helst i dei lyngrike skogvegetasjonstypane ein finn blåstrupen, men også i rikare skogutformingar så vel som i fuktig skog- og viervegetasjon. Den norske hekkebestanden er truleg på 500 000 til 1 million par.

Utsjånad

endre

Utsjånaden varierer etter årstid, alder og kjønn. Som namnet seier er strupe og bryst blått på hannen. I midten av det blå har hannen ein rustraud flekk. Hoa har ein svakare lyseblå farge i fjørdrakta si. På sidene av indre del av stjerten har begge kjønn rustraude felt.

Hannen syng sterkt, variert og med mange hermande innslag, og kan til dels minne om nattergalen, ein art som er klassifisert som nært i slekt. Mest typisk for songen er ein surrande låt, blanda med klare klokkeliknande tonar.

Hekking

endre

Blåstrupen gøymer reiret godt, helst i kratt nær vatn. Paret byter på å ruge dei 5-7 egga, som er bleikt grønaktige eller blågrøne med rustraude flekkar. Egga vert klekte etter fjorten dagar.

Føde

endre

Føda er samansett av insekt i ulike stadium, både vaksne, larver og pupper. I tillegg et dei mykje markar. Maten finn blåstrupa på fuktige plassar og nær vatn.

Trekktilhøve

endre

Blåstrupen er ein trekkfugl som kjem til landet i april og flyg sørover i september. Fuglen opptrer skjult på trekket og er lett å oversjå. Truleg flyg dei skandinaviske fuglane søraustover mot det sørvestlege Asia.

Kjelder

endre
  • Bjørn Njørnsrud og Gunnar Lid: Fugleboka 200 norske fuglar i fargar ISBN 82-90203-02-0
  • Norsk Fugleatlas, 1994.
Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av blåstrupe Luscinia svecica for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre