Flugesnapparfamilien

familie av sporvefuglar
Flugesnapparfamilien
Ulike artar frå Ficedula, ei slekt i flugesnapparfamilien.
Ulike artar frå Ficedula, ei slekt i flugesnapparfamilien.
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Flugesnapparfamilien Muscicapidae
Vigors, 1825

Flugesnapparfamilien, Muscicapidae, er ein familie av over 300 artar sporvefuglar utbreidd i Afrika, Asia og Europa. Dette er små fuglar, som ofte fangar insekt i flukt.

SkildringEndra

Utsjånaden til desse fuglane er mykje variert, men dei fleste har svake songar og skarpe rop. Dei er små til mellomstore fuglar, som varierer frå 10 til 21 centimeter i lengd. Mange arter er matt brune, men fjørdrakta av nokre artar kan vere mykje ljosare, spesielt hannar. [1] Dei fleste har breie, flate nebb, eigna til å fange insekt i flukt, jamvel om nokre artar som finn føde på bakken vanlegvis har finare nebb. [2]

Fuglar i flugesnapparfamilien lever i nesten alle typar miljø der det finst passande åtkomst av tre, frå tett skog til opne kratt, og til og med i høgtliggande skog i Himalaya. Dei mest nordlege artane trekkjer sørover om vinteren, noko som sikrar ein kontinuerleg diett av insekt. [2]

Avhengig av art, er reiret anten godt konstruert og koppforma plassert i eit tre eller på ei fjellhylle, eller inne i eit eksisterande hòl i eit tre. Hòlhekkande artar har ein tendens til å leggje større kull, med eit gjennomsnitt på åtte egg, i staden for vanlege berre to til fem. [2]

SystematikkEndra

Delinga av flugesnapparfamilien i to underfamiliar Muscicapinae, kalla eigentlege flugesnapparar, og Saxicolinae kan vere kunstig. Nokre slekter i ei gruppe er nærare knytt til medlemmar av den andre og vice versa. Når dei eksakte tilhøva av medlemmene til familien blir nærare utgreidd kan det bli naudsynt å radikalt revidere den interne taksonomiske strukturen i familien.

Flugesnapparfamilien i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler,[4] utan omsyn på inndeling i underfamiliar:

  • Skogskvett, Stiphrornis erythrothorax, Forest Robin
  • Nattergal, Luscinia luscinia, Thrush Nightingale, LC, Linné, 1758
  • Sørnattergal, Luscinia megarhynchos, Common Nightingale, LC, Brehm, 1831
  • Vifteraudstjert, Luscinia phaenicuroides, White-bellied Redstart
  • Blåstrupe, Luscinia svecica, Bluethroat, LC, Linné, 1758

Hekkefuglar av Muscicapinae i NoregEndra

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. «Old World Flycatchers Muscicapidae». artfullbirds.com. Arkivert frå originalen 7. juli 2011. Henta 3. juni 2010. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Perrins, C. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 194–195. ISBN 1-85391-186-0. 
  3. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Flugesnapparfamilien