Blackadder, kalla Sorte Ormbokmål, er ein britisk komiserie produsert av BBC. Serien har fått namnet etter hovudpersonen spelt av den britiske skodespelaren Rowan Atkinson.

Blackadder
Norsk tittel: Sorte Orm
Typefjernsynsserie
OriginaltittelBlackadder
SjangerKomiserie
OpphavslandStorbritannia
ProduksjonslandStorbritannia
Introduksjonsår1983
Sesongar4
Episodar24 (pluss 3 spesialepisodar)
Lengd30 minutt
SpråkEngelsk
SkaparRichard Curtis, Rowan Atkinson
ManusRichard Curtis, Rowan Atkinson
RegiRichard Curtis, Rowan Atkinson
MusikkHoward Gooddall
MedverkandeRowan Atkinson
Tony Robinson
Tim McInnermy
Miranda Richardson
Stephen Fry
Hugh Laurie
Periode15. juli 1983
2. november 1989
KanalBBC
BiletformatPAL (576i)
LydformatMono

Serien tek for seg ulike delar av den britiske historia. Sentralt i serien står Sorte Orm og tenaren hans, Baldrick. Serien vert rekna som éin av de beste engelske komiseriane nokon sinne.

Serien vart laga av Rowan Atkinson og Richard Curtis. Dei bestemde seg for å gjere ein komiserie i eit historisk miljø, og at han skulle kunne samanliknast med Fawlty Towers. Pilotserien frå 1983 på seks episodar vart ikkje særskilt godt modteken og var svært dyr å produsere. For at ein oppfølgjar skulle gjerast mogleg, måtte ein gjere noko med formatet. Sorte Orm endra seg frå ein ynkeleg snik til ein smart og listig mann. Ein fjerna alle utandørsscener, reduserte talet på statistar og satsa mykje på sjølve humoren. Oppfølgjaren Blackadder II frå 1986 vart ein stor suksess.

Serien endre

Yes, you are to be... you are to be congratulated, my friend. We live in an age where illness and deformity are commonplace, and yet, Ploppy, you are, without a doubt, the most repulsive individual I've ever met. I would shake your hand, but I fear it would come off.

Edmund Blackadder
 

Sorte Orm har gått i fire sesongar med seks 30 minuttars episodar kvar.

  • Serie 1, 1983 (The Black Adder): Handlinga er lagd til 1400-talet der Edmund Black Adder er den yngre broren til den engelske kronprinsen, men med eigne ambisjonar.
  • Serie 2, 1986 (Blackadder II): Handlinga er lagt til 1500-talet. Lord Edmund Blackadder er ein intrigesjuk hoffmeister hjå dronning Elisabeth I av England med ambisjon om å vinne dronninga si gunst.
  • Serie 3, 1987 (Blackadder the Third): Handlinga er lagt til byrjinga av 1800-talet. Mr. Edmund Blackadder er butler hjå den idiotiske kronprinsen (Prince of Wales) i Storbritannia med ambisjonar om å sko seg på dei kongelege.
  • Serie 4m 1989 (Blackadder Goes Forth): Handlinga er lagt til den første verdskrigen sine skyttargraver i 1917. Den fjerde Edmund Blackadder gjer teneste i den britiske armeen som kaptein, og har ambisjonar om å overleve krigen.

Kortfilmar endre

I tillegg til serien er det spelt inn nokre frittståande kortfilmar:

  • Blackadder’s Christmas Carol (Noreg: Sorte Orms jul) frå 1988 er ein 45 minuttar lang versjon av Charles Dickens si juleforteljing. Den er parodisert på tradisjonelt Sorte Orm-vis.
  • Blackadder: The Cavalier Years frå 1988 er ein 15 minuttar lang sketsj produsert for velgjerdsgallaen Comic relief.
  • Blackadder: Back & Forth (Noreg: Sorte Orm - attende til framtida) frå 1999 er ein 45 minuttar lang kortfilm. Svarte Orm har ein plan om å lure venene sine for pengar gjennom å bygge ei falsk tidsmaskin. Han mislukkast då Baldrick bygger ei maskin som faktisk fungerer.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Blackadder