Rowan Sebastian Atkinson (fødd 6. januar 1955) er ein britisk skodespelar og komikar, mest kjend for rollene sine som «Sorte Orm» og «Mr. Bean» i TV-seriane med same namn. I 2003 vart han kåra som ein av dei 50 morosamaste personane innan britisk komedie av avisa The Observer.

Rowan Atkinson

Fødd6. januar 1955 (69 år)
FødestadConsett
FødenamnRowan Sebastian Atkinson, Ρόουαν Σεμπάστιαν Άτκινσον
Aktive år1979–
Verka somfjernsynsskodespelar, filmskodespelar, komikar, stemmeskodespelar, teaterskodespelar, manusforfattar, elektroingeniør, skodespelar, produsent, filmprodusent
MorElla May Bainbridge
EktefelleSunetra Sastry
SambuarLeslie Ash, Louise Ford
Prisarkommandør i den britiske imperieorden, British Academy Television Award for Best Entertainment Performance, British Academy Television Award for Best Entertainment Performance, Laurence Olivier Award for Best Comedy Performance, Den britiske imperieordenen, British Academy Television Awards, Laurence Olivier Award, Diamond Play Button

Bakgrunn endre

Atkinson vaks opp i ein velståande familie i Newcastle upon Tyne. Han er sonen til bonden Eric Atkinson og Ella May Bainbridge som gifta seg 29. juni 1945. Han har to eldre brør, Rubert og Rodney som arbeider som økonomar.

Atkinson var elev ved privatskolen Durham Cathedral Choristers. Han studerte vidare elektroteknikk ved University of Newcastle upon Tyne, og oppnådde ein master ved University of Oxford.[1]

Karriere endre

Rowan Atkinson debuterte som skodespelar i 1983 med ei birolle i den «uoffisielle» James Bond-filmen Never Say Never Again, i tillegg til hovudrolla hans i filmen Dead on Time, der han mellom anna spelte mot Nigel Hawthorne. Han dukka òg opp i Mel Smith sin regidebut The Tal Guy i 1989. Han har òg spelt saman med Anjelica Huston og Mai Zetterling i filmen basert på Roald Dahl si bok Heksene, som kom ut i 1990. I 1993 spelte han rolla som Dexter Hayman i Hot Shots! Del Deux, ein parodi på Rambo III, der Charlie Sheen hadde hovudrolla.

Frå 1983 til 1989 laga BBC i alt 24 episodar av den populære humorserien Sorte Orm der Rowan Atkinson spelte tittelrolla og også skreiv manuset saman med Richard Curtis.

«Mr. Bean» endre

Atkinson er mest kjend for den morosame og uheldige rollefiguren «Mr. Bean», som fyrst dukka opp på nyttårsdagen i 1990 i eit innslag på Thames Television. Atkinson dukka opp på komedie-festivalen i Montréal i 1987 og 1989. Fleire oppfylgjarar i serien om Mr. Bean dukka opp på britisk TV i 1990, og sidan kom kinofilmane Mr. Bean - Den store katastrofefilmen i 1997, regissert av Mel Smith, og Mr. Beans ferie i 2007.

Seinare roller endre

I 1995 og 1996 hadde Atkinson rolla som inspektør Raymond Fowler i den populære fjernsynsserien The Thin Blue Line skriven av Ben Elton, som fann stad på ein politistasjon i den oppdikta byen Gasforth. Ei anna kjend rolle han har hatt var rolla hans som ein uheldig løynleg agent for det britiske M15. Han spelte òg i ein komisk parodi på Doctor Who. Han hadde òg vorte vurdert som ein kandidat til å spela hovudrolla som doktoren i sjølve showet.

Atkinson fekk ytterlegare heider som skodespelar for rolla hans som ein verbalt klossete prest i 1994 i filmen Fire bryllaup og ei gravferd. Same år vart han omtala i Walt Disney-filmen Løvenes konge. Atkinson hald fram med ymse biroller i fleire vellykka komediar. Til dømes då han hadde rolla som Enrico Pollini i Rat Race (2001), Scooby-Doo (2002), og Love Actually (2003). I 2005 spelte han i krimkomedien Keeping Mum der mellom anna Kristin Scott Thomas, Maggie Smith og Patrick Swayze også var med.

I 2003 hadde han hovudrolla som «Johnny English» i filmen med det same namnet. Filmen var ein parodi av James Bond. Oppfylgjaren, Johnny English Reborn kom ut i 2011. I 2009 dukka han opp i West End-musikalen Oliver! med rolla som Fagin. Denne framsyninga vart regissert av Rupert Goold.

Privatliv endre

Atkinson trefte kona si Sunetra Sastry for fyrste gang på 1980-talet då ho arbeidde som sminkør i BBC. Sunetra har indisk far og britisk mor. Atkinson gifta seg med henne i New York i 1990. Dei fekk to born saman. I 2015 skilde dei lag. Atkinson fann seinare kjærleiken med skodespelaren Louise Ford i 2019.[2][3] Han eig hus i Northamptonshire i Oxfordshire og London.

Prisar og utmerkingar endre

I 2013 vart Atkinson utnemnd til kommandør (CBE) av Order of the British Empire for arbeidet sitt innanfor drama og velgjerd.[4][5]

Kjelder endre

  1. «Rowan Atkinson | Biography, Movies, TV Shows, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 22. november 2022 
  2. «Mr Bean leaves wife of 24 years for younger woman», Stuff (på engelsk), 11. november 2015, henta 22. november 2022 
  3. «Rose Matafeo's ex-boyfriend James Acaster opens up about being dumped for Mr Bean», Stuff (på engelsk), 4. mars 2019, henta 22. november 2022 
  4. «Page 7 | Supplement 60534, 15 June 2013 | London Gazette | The Gazette», www.thegazette.co.uk, henta 22. november 2022 
  5. «Birthday Honours: Adele joins Blackadder stars on list». BBC News (på engelsk). 14. juni 2013. 

Bakgrunnsstoff endre