Tyrihans var eit norsk skjemteblad som kom ut frå 1881 til 1958. Då det opphøyde var Tyrihans det siste av vittigheitsblada frå stordomsitda på 1880- og 1890-talet. Frå 1892 til hundreårsskiftet var Holger Sinding redaktør for bladet.

Bladet Tyrihans
Love's Comedy in Tyrihans.jpg
Oppretta1892

Bilettrykk og utgjevingarEndra

I byrjinga blei teikningane for det meste attgjevne i xylografisk utføring. Deretter kom rasterpapir og sinkklisjear til å ta over. I 1890-åra blei det også vanleg å trykka omslaget i fargar, og etter hundreårsskiftet å leggja til ein eller eit par fargar, som raudt og gult, som saman kunne gje ein nyanse av oransje.

Bladet kom ikkje ut i åra 1905 til 1911. Då det gjenoppstod i 1912 var det med ny årgangsnemning (dvs. som ny rekkje 1/1912), utgjeve av Kunstforlaget Munin.

IllustratørarEndra

Fleire kjende illustratørar teikna for bladet, mellom anna Gustav Lærum, Olaf Gulbransson, Ragnvald Blix (som også var redaktør for Tyrihans i 1901), Jan Lunde og Fredrik Stabel.

I 1898 teikna Jacob Sømme (1862-1940) ein reklameplakat for skjemtebladet. Utgjevar var Hagen & Kornmann.

KjelderEndra