Blanka Vlašić

Blanka Vlašić (fødd 8. november 1983) er ein kroatisk friidrettsutøvar frå Split som tevlar i høgdehopp. Ho vart verdsmeister i øvinga i 2007 og forsvarte VM-tittelen i 2009, før ho i 2010 vart europameister. Dessutan har ho vunne sølvmedalje under sommar-OL 2008 og i friidretts-VM i 2011. Ho fekk ein bronsemedalje under sommar-OL 2016.

Blanka Vlašić
Blanka Vlašić (cropped).jpg
Fødd 8. november 1983 (37 år)
Split
Yrke friidrettsutøvar
Blanka Vlašić på Commons

Vlašić har ein personleg rekord på 2,08 m, einast verdsrekordhaldar Stefka Kostadinova med 2,09 meter har hoppa høgre.

Ho fekk Bislett-medaljen i 2014.[1]

KjelderEndra

  1. «Bislettmedaljen/The Bislett Medal» (PDF). Diamond League Oslo. Arkivert frå originalen (PDF) 29. januar 2017. Henta 29. januar 2017. 
  Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.