Stefka Kostadinova

Stefka Kostadinova (fødd 25. mars 1965) er ein bulgarsk tidlegare høgdehoppar frå Plovdiv. Ho sette verdsrekord i høgdehopp med 2,09 meter då ho vart verdsmeister i Roma i 1987. Rekorden er framleis gjeldande i 2014. Kostadinova vann gullmedaljen i høgdehopp i EM 1986, VM 1987 og 1995, samt OL 1996.

Stefka Kostadinova


Statsborgarskap Bulgaria
Fødd 25. mars 1965 (59 år)
Plovdiv
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Aktiv endre

Kostadinova hoppa over 2,00 meter for fyrste gong i 1984. Ho tok steget opp i verdstoppen i høgdehopp vintersesongen 1985, ho vann då både EM og VM innandørs. Sommaren 1986 tangerte ho verdsrekorden til landskvinna Ljudmila Andonova med 2,07, allereie seks dagar seinare forbetra ho rekorden til 2,08 m. I slutten av august 1986 vart ho europameister i Stuttgart med 2,00 m, sju cm over dei andre medaljevinnarane.

I finalen i høgdehopp for kvinner under verdsmeisterskapen i Roma dem 30. august 1987 sette Kostadinova verdsrekord med 2,09 m, ein rekord som har vorte ståande. Tamara Bykova frå Sovjetunionen tok sølvet med 2,04 m. Under sommar-OL 1988 i Seoul stoppa Kostadinova på 2,01 m og fekk sølv, Louise Ritter frå USA vann OL-gullet med 2,03 m.

Kostadinova var ikkje i gammal form då ho deltok i sommarleikane i Barcelona i 1992, der ho enda på fjerdeplass med 1,94 m. Ved verdsmeisterskapen i Göteborg i august 1995 lukkast Kostadinova som den einaste å ta seg over 2,01 m og ho tok dermed sin andre VM-tittel, åtte år etter den fyrste.

Under dei olympiske leikane i Atlanta i 1996 svinga seg over 2,05 m, ny olympisk rekord og olympisk meister. Sommaren 1997 vart ho skadd, og trass i operasjonar, kom ho ikkje tilbake på bana.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre