Bleikmyrklegg (Pedicularis lapponica) er ei plante i snylterotfamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing.

Bleikmyrklegg
Bleikmyrklegg
Bleikmyrklegg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Snylterotfamilien Orobanchaceae
Slekt: Myrkleggslekta Pedicularis
Art: Bleikmyrklegg P. lapponica
Vitskapleg namn
Pedicularis lapponica
Teikning frå Bilder ur Nordens flora (1917-1926)

Planta vert kring 15 cm høg og har stiv stengel med snaue blad. Øvre delen av stengelen er dunhåra. Ho har kort aks med bleike lysgule blomstrar som står rett ut. Bleikmyrklegg blømer kring juli på turre og litt fuktige stader i fjelltrakter over heile Noreg, i Jotunheimen opp til 1750 m.[1]

Kjelder

endre
  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 997.