Myrkleggslekta
Myrkleggslekta (Pedicularis) er ei slekt av eitt-, to- og fleirårige blomsterplantar. Slekta blir no rekna til snylterotfamilien, men før omklassifiseringane i maskeblomfamilien høyrde slekta til der.
Myrkleggslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Snylterotfamilien Orobanchaceae |
Slekt: | Myrkleggslekta Pedicularis L., 1753 |
Det vitskaplege namnet Pedicularis kjem frå latin pediculus, som tyder ‘lus’.[1] På engelsk er fleire av artane i slekta kjende som lousewort, ‘luseurt’, fordi ein meinte at dyr som åt desse plantane kunne koma til å plagast med lus.[2][3]
Plantane i slekta er glatte eller hårete halvparasittiske urter. Stilken er opprett. Blada sit som oftast spreitt, men kan òg sitja motsett eller kransstilt; dei er som regel fjørflikete. Blomane sit i endestilte aks. Blomane er raud-, gul- eller meir sjeldan kvitfarga. Krona har to lepper; den øvste minner om eit nebb eller ei hette, medan den nedste har tre flikar. Det er fire pollenberarar.
Blomane er tilpassa pollinering av bier og har landingsplattform, sterke fargar og mykje nektar. Den viktigaste pollinatoren er humler (Bombus), og utbreiinga til myrklegg og humler overlappar nesten heilt.
Slekta har ei vid utbreiing i kjølige område og fjellstrøk på den nordlege halvkula, og det er òg éin art i Andesfjella. Artsrikdommen er størst i fjella i sørvestre Kina, og heile 271 artar er endemiske for Kina.
Artar i Noreg
endre- brannmyrklegg (P. flammea)
- lodnemyrklegg (P. hirsuta)
- ullmyrklegg (P. dasyantha), i Noreg berre på Svalbard
- kystmyrklegg (P. sylvatica)
- underart irsk myrklegg (P. s. subsp. hibernica)
- gullmyrklegg (P. oederi)
- kongsspir (P. sceptrum-carolinum)
- myrklegg (P. palustris)
- underart fjellmyrklegg (P. p. subsp. borealis)
- bleikmyrklegg (P. lapponica)
Kjelder
endre- ↑ Horn, compiled and edited by Dennis Horn and Tavia Cathcart ; technical editor, Thomas E. Hemmerly ; photo editors, David Duhl and Dennis (2005). Wildflowers of Tennessee, the Ohio Valley, and the Southern Appalachians: the official field guide of the Tennessee Native Plant Society. [Edmonton]: Lone Pine Pub. s. 288. ISBN 978-1-55105-428-5.
- ↑ Jepson Manual Treatment: Pedicularis
- ↑ «Online Virtual Flora of Wisconsin - Pedicularis canadensis». wisflora.herbarium.wisc.edu. Henta 19 June 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Myrkleggslekta» frå Wikipedia på bokmål, den 4. juni 2023.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- L. Lid og D.T. Lid. R. Elven, red. Norsk flora. Oslo: Samlaget. ISBN 82-521-6029-8.
- C. Grey-Wilson og M. Blamey; norsk utgave T. Faarlund og P. Sunding. Teknologisk Forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa. Teknologisk Forlag. s. 372–373. ISBN 82-512-0355-4.
- Myrkleggslekta i Artsdatabanken. Besøkt 2. mai 2016.
- «Spiror». Den virtuella floran. Arkivert frå originalen 12. juli 2022. Henta 2. mai 2016.
- «Pedicularis». Flora of China. Henta 2. mai 2016.
- «Pedicularis». Flora of the Canadian Arctic Archipelago. Henta 2. mai 2016.
- R.H. Ree. «Phylogeny and the evolution of floral diversity in Pedicularis (Orobanchaceae)» (PDF). Int. J. Plant Sci. 166 (4): 595–613. ISSN 1537-5315.
- N. Tkach m.fl. «High mountain origin, phylogenetics, evolution, and niche conservatism of arctic lineages in the hemiparasitic genus Pedicularis (Orobanchaceae)». Mol. Phylogenetics Evol. 76: 75–92. ISSN 1055-7903. PMID 24631857. doi:10.1016/j.ympev.2014.03.004.
- B.W. Robart m.fl. «Phylogeny and Biogeography of North American and Asian Pedicularis (Orobanchaceae)». Syst. Bot. 40 (1): 229–258. ISSN 1548-2324. doi:10.1600/036364415X686549.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) myrkleggslekta hos Artsdatabanken
- (en) myrkleggslekta i Encyclopedia of Life
- (en) myrkleggslekta i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) myrkleggslekta hos Dyntaxa
- (en) myrkleggslekta hos ITIS
- (en) myrkleggslekta hos NCBI
- (en) myrkleggslekta hos Panarctic Flora
- (en) myrkleggslekta hos The International Plant Names Index
- (en) myrkleggslekta hos Tropicos
- (en) Kategori:Pedicularis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Pedicularis – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons