Bless the Beasts and Children
Bless the Beasts and Children Singel av The Carpenters frå albumet A Song for You | ||
A-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 12. august 1971 | |
Innspelt | Sommaren 1971 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 3:09 | |
Selskap | A&M1289 | |
Låtskrivar(ar) | Barry De Vorzon; Perry Botkin jr. | |
Produsent | Jack Daugherty | |
The Carpenters-kronologi | ||
«Superstar» (1971) |
Bless the Beasts and Children | «Hurting Each Other» (1971)
|
«Bless the Beasts and Children» av ein song av The Carpenters som var temasongen for filmen Bless the Beasts and Children i 1971. Han vart gjeven ut som B-sida til singelen «Superstar». B-sida gjekk inn på Billboard Hot 100-lista i USA og nådde 67. plassen.[1] The Carpenters framførte songen på fjernsynsshowet sitt Make Your Own Kind of Music.[2] Han vart i 1972 nominert til Oscarprisen for beste song, men tapte for Isaac Hayes sin «Theme from Shaft».
Det originale filmmusikkalbumet inneheld to forskjellige versjonar av «Bless the Beasts and Children». Den andre er ein orkesterinstrumental arrangert av komponistane Barry DeVorzon og Perry Botkin jr.
Ein noko anna versjon vart gjeven ut på albumet A Song for You den 13. juni 1972. Den originale versjonen hadde med ein vibrafon som spelte melodien i introduksjonen, medan albumversjonen hadde ein obo i starten.
Liste | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100 | 67 |
U.S. Billboard Adult Contemporary | 28 |
Oricon (Japansk) singelliste | 85 |
Medverkande
endre- Karen Carpenter - Solo- og korvokal
- Richard Carpenter - korvokal, klaverinstrument
- Joe Osborn - bassgitar
- Hal Blaine - trommer
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bless the Beasts and Children» frå Wikipedia på engelsk, den 5. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The Carpenters Summary
- ↑ «Not Found シフトウェブへようこそ». Thecarpenters.tv. Arkivert frå originalen 23. februar 2007. Henta 9. januar 2012.