Hurting Each Other

song
Hurting Each Other
Singel av The Carpenters
frå albumet A Song for You
B-side

«Maybe It's You»

Språk engelsk
Utgjeve 23. desember 1971
Innspelt 1971
Sjanger Pop
Lengd 2:48
Selskap A&M
1322
Låtskrivar(ar) Gary Geld
Peter Udell
Produsent Jack Daugherty
The Carpenters-kronologi 
«Bless the Beasts and Children»
(1971)
Hurting Each Other «It's Going to Take Some Time»/«Flat Baroque»
(1972)


«Hurting Each Other» er ein song som vart gjort populær av The Carpenters i 1972. Han vart skriven av Gary Geld og Peter Udell i 1965, og vart spelt inn av artistar frå Ruby and the Romantics til Rosemary Clooney.[1]

Versjonar

endre

Ein tidleg versjon av songen vart spelt inn av Jimmy Clanton og gjeve ut i 1965 som ein singel på Mala Records.[2] I følgje Richard Carpenter hadde versjonen av «Hurting Each Other» ei anna kjensle enn versjonen til Carpenters.[3]

Chad Allan & The Expressions, som seinare vart The Guess Who, spelte òg inn songen i 1965 på Hey Ho (What You Do to Me). Dei gav han ut som singel og nådde 19. plassen på den kanadiske singellista tidleg i 1966.

Ein versjon av «Hurting Each Other» finst òg på The Walker Brothers-albumet Portrait, som kom ut i 1966.

Carpenters-versjonen

endre

The Carpenters spelte inn «Hurting Each Other» mot slutten av 1971. Han vart gjeven ut som singel seint i 1971 frå albumet A Song for You. Han nådde andreplassen på Billboard Hot 100 og toppen av Easy Listening-lista.

The Carpenters framførte «Hurting Each Other» på mange av konsertane sine, mellom anna ein forkorta versjon på Live in Osaka i 1974.

Medverkande

endre

Lister

endre
Liste Plassering
Canada 2
Japan 56
U.S. Billboard Hot 100 2
U.S. Billboard Easy Listening 1

Seinare versjonar

endre

Andy Williams gav ut ein versjon i 1972 på albumet Love Theme frå «The Godfather».

Kjelder

endre
  1. «Search result, ACE title search, Performers of "Hurting Each Other"». American Society of Composers, Authors, and Publishers (ASCAP). Arkivert frå originalen 27. mars 2003. Henta 27. september 2013. 
  2. «45 Discography For Mala Records». Discographies of 50's and 60's record labels. Global Dog Productions. Henta 27. september 2013. 
  3. Frå omslaget til Carpenters: Gold 35th Anniversary Edition

Bakgrunnsstoff

endre