Blodtopp
Blodtopp (Sanguisorba officinalis) er ein blome i blodtoppslekta.
Blodtopp | |
Blodtopp | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Rosefamilien Rosaceae |
Underfamilie: | Rosoideae |
Slekt: | Blodtoppslekta Sanguisorba |
Art: | Blodtopp S. officinalis |
Vitskapleg namn | |
Sanguisorba officinalis |
Han veks i kystområde i Noreg sør i landet og nord til Hardangerfjorden. Planten er rekna som livskraftig i Noreg.[2]
Bruk
endreBlodtopp er blitt brukt innan urtemedisin, opphavet til det vitskaplege namnet officinalis. Han blei også kalla pimpinell, pimpernell eller bibernel, på apoteklatin Pimpinella italica. I dag er pimpernell namnet på ein annan, nærskild blom, Sanguisorba minor.
I folkemedisin er blodtopp nytta innvortes ved diarré og utvortes ved brennsår (fersk, sreld rot). Også fersk saft av ein blømande plante kan brukast. Aktive stoff er garvestoff, saponin og flavonoid.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Blodtopp» frå Wikipedia på svensk, den 4. august 2018.
- Referansar
- ↑ Solstad H, Elven R, Arnesen G, Eidesen PB, Gaarder G, Hegre H, Høitomt T, Mjelde M og Pedersen O (24. november 2021). «Karplanter: Vurdering av blodtopp Sanguisorba officinalis for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 15. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022.
- ↑ Örtmedicin och växtmagi, Reader’s Digest AB, 1983
Bakgrunnsstoff
endre- Den virtuella floran
- Blodtopp i Carl Lindman, Bilder ur Nordens flora (2:a upplagan, Wahlström och Widstrand, Stockholm 1917–1926)