Blokkerande høgtrykk

Blokkerande høgtrykk er eit storskala høgtrykkmønster i atmosfæren som omtrent er stasjonært. Desse «blokkerer» eller omdirigerer vandrande syklonar (lågtrykk). Desse blokkeringane kan ofte halde seg på same stad i fleire dagar eller til og med veker, og kan føre til at eit område kan ha same type vêr over lang tid (t.d. nedbør i enkelte område og klår himmel andre stader). På nordlege halvkule oppstår blokkerande høgtrykk ofte på våren over det austlege Stillehavet og i Atlanterhavet.

Eit døme på ein omegablokkering over Nord-Amerika i mai 2006.

Omegablokkering endre

Ein omegablokkering har fått namnet sitt fordi høgdefeltet over eit slikt høgtrykk liknar den greske bokstaven omega. Det typiske mønsteret for ei omegablokkering er at ein har eit lågtrykk vest for høgtrykket og eit anna lågtrykk aust for.

Rexblokkering endre

Rexblokkering har eit høgtrykk nord for eit lågtrykk. Ofte har både høgtrykket og lågtrykket ein lukka situasjon, som betyr at isobarane rundt trykksystema dannar sirklar. Rexblokkeringa er kalla opp etter meteorologen som først identifiserte dei.

Sjå òg endre