Omega
bokstav i det greske alfabetet
Omega (Ω, ω), den tjuefjerde bokstaven i det greske alfabetet. Bokstaven svarar til O i det latinske alfabetet. På gresk tyder namnet opphavleg stor O i motsetjing til omikron – liten o. På nygresk vert omega og omikron uttala likt, om lag som norsk å i båt eller o i bolle.
Det greske alfabetet | |
---|---|
Α α Alfa | Ν ν Ny |
Β β Beta | Ξ ξ Ksi |
Γ γ Gamma | Ο ο Omikron |
Δ δ Delta | Π π Pi |
Ε ε Epsilon | Ρ ρ Rho |
Ζ ζ Zeta | Σ σ ς Sigma |
Η η Eta | Τ τ Tau |
Θ θ Theta | Υ υ Ypsilon |
Ι ι Iota | Φ φ Phi |
Κ κ Kappa | Χ χ Khi |
Λ λ Lambda | Ψ ψ Psi |
Μ μ My | Ω ω Omega |
Forelda bokstavar | |
Digamma | Qoppa |
San | Sampi |
Yngre ligaturar | |
Stigma | Ou |
Kai | |
Andre | |
Heta | (halv eta) |
Sjo | (baktrisk ekstrabokstav) |
Bokstaven vert nytta i somme omgrep:
- Diverse varemerker
- ω vert innanfor fysikk nytta for vinkelfart
- Ω vert innanfor elektronikk nytta for motstand
- Omega-3 er ei gruppe feittsyrer som ein meiner er nødvendige for utviklinga til hjernen
- symbol for ohm, ei SI-eining for resistans.