Opna hovudmenyen
Blue Guitars
Studioalbum av Chris Rea
Utgjeve 17. oktober 2005
Innspelt 2004–2005
Sjanger Blues
Selskap Jazzee Blue/EarBooks
Produsent Chris Rea, Andy Wilman
Chris Rea-kronologi
The Blue Jukebox
(2004)
Blue Guitars Heartbeats
(2005)


Blue Guitars er det 21. studioalbumet til den engelske songaren og låtskrivaren Chris Rea, gjeve ut 14. oktober 2005 på det sjølvstendige plateselskapet hans Jazzee Blue.[1] The Blue Guitars består av elleve CD-plater, ei DVD-plate og ei bok med måleri av artisten, tekstomtale og songtekstar.[1] Det er eit ambisiøst prosjekt om blues med 137 songar spelt inn i løpet av 18 månader - og i følgje Chris Rea sjølv - i 12 timar om dagen, sju dagar i veka.[2][3] I 2007 vart det gjeve ut ei dobbeltplate med eit utval frå denne samlinga kalla Blue Guitars: A Collection Of Songs.[4]

I starten var prosjektet inspirert av Bill Wyman sitt Blues Odyssey og kan sjølv kallast ein «odyssé»,[3] for å syne ei reise gjennom forskjellige epokar i bluesen, frå dei afrikanske røtene til moderne blues frå 1960- og 1970-åra.[2][3] Det vart halde fleire utstillingar med måleria frå omslaget til albumet, som i oktober 2005 i The Cork Streeet Gallery i Central London i England,[1] og Spazio Oikos i Milano i Italia.[2] Allbumet selde over 150 000 eksemplar i Europa.[5]

Innhaldsliste

OppsummeringEndra

Dei elleve separate platene som utgjer Blue Guitars kunne fungert som album på eiga hand, men i lag dannar dei ei reise gjennom dei forskjellige epokane i bluesen, og syner dei forskjellige komponentane som er lagt til frå den opphavlege afrikanske bluesen, endringa i instrumentering, stil, tekstuttrykk og tema. Chris Rea og bandet hans har derfor imitert dei forskjellige stilartane og tekstemna, og skapt ei ny stemning på kvar plate, der dei første få songane vanlegvis set retninga for resten av plata og så utviklar seg i forskjellige stilar innafor kvart felt på kvar plate.

I starten var det planlagt 16 CD-plager, men Rea kom så fram til at denne ideen var for intellektuell og ønskte ikkje at verket skulle verte rekna som eit akademisk verk, men som ei historie.[6] Han skreiv at albumet ikkje var meint å høyrast på ein dag, men ein burde heller ikkje høyre på songar kvar for seg, men som ein trå som skulle følgjast over ein lengre periode.[6]

For kvar plate vart det nytta utstyr som høvde til tida musikken kom frå, og sjølve studioet vart sett opp slik at ein på best mogelege måte fanga lyden av rommet frå denne tida.[6]

Album nummer ein - BeginningsEndra

Det første albumet tar for seg den tidlegaste tida i bluesen, og går attende til dei afrikanske røtene. Levevilkåra var harde, mange afrikanarar vart tekne til fange og transporterte over havet og selde som slavar, stundom sviken av sine eigne folk noko som vert synt i songen «The King Who Sold His Own». Alt i alt var det eit miljø der det var naturleg at bluesen utvikla seg. Grunnlaget var alt der: det triste, strevet, byrdene, depresjonen, kjensla av det «blå» og sjølvsagt den underliggande musikalske strukturen.

Innhald:

Alle songar er skrivne av Chris Rea. 

# Tittel Lengd
1. «West Africa»   4.14
2. «Cry for Home»   4.58
3. «The King Who Sold his Own»   5.18
4. «White Man Coming»   4.01
5. «Where The Blues Come From»   6.18
6. «Lord Tell Me It Won't Be Long»   4.58
7. «Work Gang»   4.32
8. «Praise The Lord»   4.41
9. «Sweet Sunday»   5.38
10. «Sing Out The Devil»   6.08
11. «Boss Man Cut My Chains»   3.21

Album nummer to - Country BluesEndra

Country Blues var den naturlege utviklinga den originale bluesen tok då han kom til det sørlege USA: det var ei mørk tid, ei tid med frykt, der folk måtte arbeidde hardt i slaveri og enno hardare då dei vart sleppte fri. Dei drog rundt som arbeidslause og utan mål. Rasisme og Ku Klux Klan gjorde tilhøva verre, og dette vart reflektert i musikken. Instrumenteringa endra eg gradvis og tekstane fortalte soger om frykt («KKK Blues»), vandre rundt utan mål og meining («Walkin' Country Blues»), alkoholisme («Too Much Drinkin'»), men òg flukta frå tilhøva, kanskje med eit anna perspektiv på livet og framtida i storbyane («Ticket for Chicago»). Tema om flytte på seg («Steam Train Blues») og trua på Gud og religion («If You've Got A Friend In Jesus») var tema i songane, og stundom leitinga etter fritid og ei god stund («Dance All Night Long»). Samfunnsproblema og dei personlege problema fann vegen inn i musikken og byrja å endre bluesen på ein inngåande måte.

Innhald:

Alle songar er skrivne av Chris Rea. 

# Tittel Lengd
1. «Walkin' Country Blues»   3.40
2. «Man Gone Missing»   4.40
3. «Can't Stay Blues»   4.58
4. «KKK Blues»   4.56
5. «Too Much Drinkin'»   4.52
6. «Catwalk Woman»   4.32
7. «If You've Got A Friend in Jesus»   4.24
8. «Head Out On The Highway»   4.32
9. «Wild Pony»   4.10
10. «Steam Train Blues»   3.50
11. «Going Up To Memphis»   4.20
12. «Somewhere Between Highway 61 & 49»   6.06
13. «Ticket For Chicago»   5.16
14. «Dance All Night Long»   4.31

Album nummer tre - Louisiana & New OrleansEndra

Då den originale afrikanske og sørstatsinfluerte bluesen vart ført til Louisiana, New Orleans, Mississippideltaet, vart det lagt til nye instrument som klarinett, messingblåseinstrument, piano, mandolinar, trekkspel, i lag med banjoen, til ein miks som vart kalla New Orleans-, swamp-, cajun eller riverboat-blues. Grunnlaget for retningar som jazz, swing og til og med rock and roll vart lagt på denne tida og ein markant, lett gjenkjenneleg stil vart skapt og som vart tett knytt til blues.

Innhald:

Alle songar er skrivne av Chris Rea. 

# Tittel Lengd
1. «Two Days Missing Down The Viper Room»   2.56
2. «Who Cares If I Do»   4.23
3. «What Made Me Love You»   3.16
4. «You Got Dixie»   4.41
5. «One Night With You»   5.29
6. «Talking 'bout New Orleans»   5.27
7. «Le Fleur De La Vie»   3.13
8. «Catfish Girl»   3.50
9. «Only a Fool Plays by the Rules»   4.00
10. «Baby Come Home»   3.30
11. «Dance Avec Moi»   3.15
12. «L'ete Eternal»   3.31

Album nummer fire - Electric Memphis BluesEndra

Blues og bluesmusikarar kunne omsider la seg sjølv bil høyrt blant store publikum og tettpakka stader, der dei vanlegvis spelte. Det vart på sett og vis ei enorm endring, sidan bluesen no kunne spelast med subtile notar og fine akkordstrukturar, og bluesen vart enno meir populær. Som Rea syng på opningssongen «Electric Guitar»: «Now I can play above the bar noise, Man I'm bigger than a crowd», som syner kva musikarane måtte ha følt då instrumenta vart elektriske.

Innhald:

Alle songar er skrivne av Chris Rea. 

# Tittel Lengd
1. «Electric Guitar»   4.42
2. «Electric Memphis Blues»   4.15
3. «All Night Long»   4.11
4. «Born Bad»   3.46
5. «Let's Start Again»   3.52
6. «What I'm Looking For»   4.26
7. «Rules Of Love»   3.12
8. «What You Done To Me»   3.28
9. «Hobo Love Blues»   3.38
10. «Pass Me By»   3.06
11. «The Soul Of My Father's Shadow»   3.52
12. «My Blue World Says Hello»   4.06

Album nummer fem - Texas BluesEndra

Ei ny retning som bluesen tok. Denne stilen tok det grunnleggande konseptet og flytta det til den «moderne ville vesten» og ein fekk Texas Blues. Her finst endelause vegar, slitne vegkroer, olje, støv, cowboystøvlar, soger om livet på vegen i Texas. Blandinga av grunnleggjande blues med meir country-aktige instrument (slidegitar, munnspel) gav bluesen ein råare, men likevel lett gjenkjenneleg stil, som har spelt ei stor rolle i musikken sidan då (fram til Stevie Ray Vaughan og ZZ Top).

«I still remember, the place we used to go, dreaming dreams of Texas, as we pushed hard through the snow» - Chris Rea

Innhald:

Alle songar er skrivne av Chris Rea. 

# Tittel Lengd
1. «Lone Rider»   4.44
2. «Texas Blue»   5.10
3. «No Wheels Blues»   5.02
4. «Lone Star Boogie»   5.16
5. «Blind Willie»   6.48
6. «The American Way»   4.07
7. «Angellina»   4.47
8. «Truck Stop»   4.49
9. «Weekend Down Mexico»   4.20
10. «Texas Line Boogie»   4.41
11. «Too Big City»   5.02
12. «Houston Angel»   3.59

Album nummer seks - Chicago BluesEndra

Igjen var det rørsle som pressa bluesen i ei ny retning, nordover til Chicago på leit etter arbeid og eit nytt liv. Folk fann seg brått i ein heilt ny situasjon og dette påverka raskt bluesen, ein elektrisk stil som vart utvikla tidlegare i Memphis og Texas, men som vart hardare og kvassare. Instrument som saksofonen vart nytta i musikken, som gav stilen ei meir jazzaktig kjensle. Tekstane endra seg til å skildre den nye levestilen, dop, alkohol, sex og kvinner.

Innhald:

Alle songar er skrivne av Chris Rea. 

# Tittel Lengd
1. «I'm Moving Up»   4.30
2. «Maxwell Street»   4.39
3. «Bob Taylor»   5.15
4. «She's A Whole Heap Of Trouble»   2.30
5. «Jazzy Blue»   3.24
6. «Hip-Sway»   3.39
7. «That's The Way It Goes»   3.32
8. «To Get Your Love»   5.07
9. «Chicago Morning»   4.56
10. «Catwalk Woman»   3.35
11. «Since You've Been Gone»   4.09
12. «All Night Long»   5.27
13. «Here She Come Now»   4.14

Album nummer sju - Blues BalladsEndra

Med hjelp av piano og andre nye element, som swing og jazz, oppstod i følgje Chris Rea ein noko «søvnig morfinaktig stil» til det som vart bluesballadar. Dei originale, primitive inspirasjonskjeldene er ikkje lenger mogeleg å kjenne att, og er erstatta av ein rolegare, glattare og meir polert, men likevel gjenkjenneleg bluesstil. Alt som utgjorde bluesen tidlegare er framleis der.

Innhald:

Alle songar er skrivne av Chris Rea. 

# Tittel Lengd
1. «Last Call»   3.41
2. «Maybe That's All I Need To Know»   4.28
3. «Deep Winter Blues»   5.09
4. «If I Ever Get Over You»   5.08
5. «I Love the Rain»   4.35
6. «My Soul Crying Out For You»   3.38
7. «If That's What You Want»   4.18
8. «There's No One Looking»   5.34
9. «What Became Of You»   4.54
10. «My Deep Blue Ways»   4.25

Album nummer åtte - Gospel Soul Blues & MotownEndra

Sjølv om den grunnleggjande strukturen or rytmane i bluesen framleis følgjer den originale, tok ein ny generasjon bluesen vidare. Banjostilen spelt på elektrisk gitar vart elektrisk «sitar», ein lyd som trefte ei nerve i hippie-generasjonen. Det er ein mjukare og meir tilgjengeleg hybrid av bluesen.

Innhald:

Alle songar er skrivne av Chris Rea. 

# Tittel Lengd
1. «Sweet Love»   4.25
2. «Break Another Piece of My Heart»   4.39
3. «Ball & Chain»   5.08
4. «Gospel Trail»   5.05
5. «Shy Boy»   3.52
6. «Come Change My World»   4.15
7. «Call On Me»   4.1
8. «Just In Case You Never Knew»   4.29
9. «Let Me In»   5.52
10. «I’ll Be There For You»   4.18
11. «The Pain Of Loving You»   3.57
12. «Are You Ready»   6.08

Album nummer ni - Celtic & Irish BluesEndra

Bluesen gjekk i nok ei ny retning då han vart blanda med keltisk og skotsk/irsk musikk. Den generelle kjensla av det triste, tap og det blå, som alt fanst i skotsk, irsk og keltisk musikk, i lag med ein heilt ny instrumentering som gav bluesen ei typisk keltisk kjensle.

Innhald:

Alle songar er skrivne av Chris Rea. 

# Tittel Lengd
1. «Celtic Blue»   8.11
2. «Too Far From Home»   7.28
3. «'Til The Morning Sun Shines On My Love And Me»   5.39
4. «Lucky Day»   5.16
5. «What She Really Is»   5.03
6. «Wishing Well»   4.11
7. «Irish Blues»   4.14
8. «No More Sorrow»   6.05
9. «While I Remain»   5.30
10. «Last Drink»   5.17
11. «'Til I Find My True Love's Name»   3.42
12. «Big White Door»   5.36

Album nummer ti - Latin BluesEndra

Latinamerikansk musikk er kanskje ikkje den mest opplagte retninga å kikke etter blues i, men det var likevel sterk påverknad frå den afrikanske kulturen som kom med slavane til Brasil, og som påverka Karibia frå den retninga. Kubansk gitar og piano som er typisk for latinamerikansk musikk vart blanda med til dømes Mississippiblues, og vart til ein bossanova-blues. Bluesen glei òg over i reggae, men trass i denne «solrike kjensle» er emna like triste.

Innhald:

Alle songar er skrivne av Chris Rea. 

# Tittel Lengd
1. «Hey Gringo»   6.04
2. «Immigration Blues»   5.19
3. «Still Trying To Clear My Name»   4.26
4. «Sun Is Hot»   4.28
5. «Screw You And Your Deep Blue Sea»   4.43
6. «Nothing Seems To Matter No More»   3.55
7. «Sometimes»   5.00
8. «Lampiou»   5.46
9. «Keep On Dancing»   3.56
10. «Lucifer's Angel»   5.08
11. «How I Know It's You»   4.17
12. «Forever»   5.03
13. «You Got Soul»   5.27
14. «Bajan Blue»   4.57

Album nummer elleve - '60s and '70sEndra

Ei ny tid, ein ny generasjon, ein ny variant av bluesen. Musikken endra seg igjen og igjen og den 200 år lange blueshistoria vart velta på kort tid, når bluesen brått byrja å høyrast gammal ut igjen, og det vart gjeve respekt til dei gamle stamfedrene i bluesen. Men det var òg Woodstock, Flower Power-rørsla og liknande som tolka bluesen på sin måte og gav han eit nytt andlet.

Innhald:

Alle songar er skrivne av Chris Rea. 

# Tittel Lengd
1. «My Baby Told Me (Blues)»   2.55
2. «Got To Be Moving»   4.03
3. «My Baby Told Me (Gospel)»   3.19
4. «Heartbreaker»   2.58
5. «Yes I Do (Instrumental)»   3.28
6. «Wasted Love»   4.44
7. «Cool Cool Blue»   4.15
8. «Clarkson Blues»   5.09
9. «Who Killed Love»   4.27
10. «Never Tie Me Down»   4.13
11. «Mindless»   3.55
12. «Ain't That Just The Prettiest Thing»   5.2
13. «Nobody But You»   3.55
14. «Waiting For Love»   4.57
15. «Blue Morning In The Rain»   4.5

Dancing Down The Stony Road-DVDenEndra

Dette er ein liten ekstra DVD, som syner innspelinga av Stony Road i 2002, etter sjukdommen til Rea og då slutta med det gamle plateselskapet og gjekk i ein ny musikalsk retning. Her er mange intervju med Rea og bandet hans, og mange klipp frå innspelinga.

MedverkandeEndra

Medverkande
  • Chris Rea: elektrisk gitar, piano, munnspel, dobro, mandolin, banjo, slidegitar, bass, calimba, balafon, vibrafon, hammondorgel, perkusjon, trommer
  • Robert Ahwai: gitar
  • Sylvin Marc: bass
  • Gerry O'Connor: banjo
  • Ed Hession: trekkspel
  • Martin Ditcham: trommer

Produksjon
  • Produsent: Chris Rea, Andy Wilman
  • Forfattar: Chris Rea
  • Forteljar: Richard Williams
  • Leiande produsent: John Knowles
  • Lydteknikar: Edward McDonald
  • Miksing: Douglas Dreger
  • Redigering: Aiden Farrell, Chris Rodmell
  • Regissør: Robert Payton
  • Produksjonskoordinator: Janina Stamps
  • Kunstnarisk leiar, design: Jon Tricklebank
  • Tekst i omslaget: Mark Edwards
  • Fotograf: Stuart Epps

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «Chris Rea's come-back». BBC News. 7 October 2005. Henta 12. november 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Cruccu Matteo (27 October 2005). «La sfida titanica di Chris Rea: «Ho rifatto la storia del blues»» (på italiensk). Corriere della Sera. Henta 12. november 2015. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Christian Schleifer (29 October 2005). «"Blue Guitars» von Chris Rea: 11 neue Alben!» (på German). Krone. Henta 12. november 2015. 
  4. «Chris Rea – (Blue Guitars) - A Collection Of Songs -». Discogs. Henta 15 April 2015. 
  5. «earBOOKS 2014/15 Complete Catalogue» (PDF). Edel Tyskland GmbH earBOOKS. s. 15. Henta 15 April 2015. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Hugh Fielder (2005). «Chris Rea: Serious illness helped Chris Rea re-discover his muse.». Classic Rock: 28. Henta 12. november 2015. 

BakgrunnsstoffEndra