Opna hovudmenyen

ZZ Top er eit USA-amerikansk rockeband skipa i 1969 i Houston i Texas.[1] Bandet har sidan 1970 bestått av bassiste og vokalisten Dusty Hill, gitaristen og solovokalisten Billy Gibbons (frontmannen i bandet og den fremste tekstforfattaren) og trommeslagaren Frank Beard. Skribenten Cub Koda har sagt om dei at «som genuine roots-musikarar har dei få likemenn. Gibbons er ein av dei beste bluesgitaristane i Amerika innan areanrock-uttrykket, medan Hill og Beard bidreg som den ultimate rytmeseksjonen.»[1]

ZZ Top
ZZ Top on the Pyramid Stage at Glastonbury 2016 IMG 8527 (27374417884).jpg
ZZ Top (v-h: Dusty Hill, Frank Beard, Billy Gibbons) på Glastonburyfestivalen i juni 2016
OpphavHouston i Texas i USA
Aktiv1969–present
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap
Tidlegare medlemmer
  • Lanier Greig
  • Dan Mitchell
  • Billy Ethridge

Bandet gav ut debutalbumet sitt, ZZ Top's First Album, i 1971. Dei byrja med bluesinspirert rock, men innlemma etter kvart element av new wave, punkrock og dance-rock ved hjelp av synthesizerar. Bandet er kjend for dei mange humoristiske, tvitydige og antydande tekstane sine.

Det bestseljande albumet deira er Eliminator frå 1983, som selde meir enn 10 millionar eksemplar i USA. Totalt har dei selt over 25 millionar plater i USA, som gjer dei til blant dei 100 mestseljande artistane der, i følgje Recording Industry Association of America.[9] Dette omfattar 11 gullplate, sju platinaplater og tre multi-platinaplater. Fram til 2014 hadde ZZ Top seld meir enn 50 millionar album verda over.[10]

ZZ Top vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2004.

Innhaldsliste

HistorieEndra

Tidlege år (1969–1972)Endra

Den originale besetninga vart skipa i Houston og bestod av Gibbons, organisten Lanier Greig (død februar 2013)[11][12] og trommeslagaren Dan Mitchell.[11]

Bandnamnet kom frå Gibbons. Bandet hadde ein liten leilegheit dekt med konsertplakatar og han merka seg at mange artistar brukte initialar. Gibbons la særleg merke til B.B. King og Z.Z. Hill og tenkte på å kombinere dei to til «ZZ King», men tenkte det vart for likt dei originale namna. Han landa til slutt på «ZZ Top».[13]

Manageren til ZZ Top var Bill Ham frå Waxahachie i Texas, som var blitt ven av Gibbons eit år tidlegare. Dei gav ut den første singelen sin, «Salt Lick», in 1969, and the B-side contained the song «Miller's Farm». Both songs were credited to Gibbons. Immediately after the recording of «Salt Lick» i 1969. Greig vart erstatta av bassisten Billy Ethridge, ein bandkollega av Stevie Ray Vaughan, og Mitchell vart erstatta av Frank Beard frå American Blues. På grunn av mangel på interesse hos amerikanske plateselskap, aksepterte ZZ Top ein platekontrakt hos London Records. Ethridge ønskte ikkje å signere ein platekontrakt og slutta i bandet. Dusty Hill vart då valt ut som erstattaren hans. Etter at Hill flytta frå Dallas til Houston, signerte ZZ Top med London i 1970 Dei spelte den første konserten sin i lag i Knights of Columbus Hall i Beaumont den 10. februar.

I tillegg til å vere bandleiaren, vart Gibbons den fremste tekstforfattaren i bandet og arrangerte det meste av musikken. Med støtte frå Ham og lydteknikaren Robin Hood Brians vart ZZ Top's First Album (1971) gjeve ut og synte humoren til bandet, «vertshus»-rytmane, dei forvrengde gitarane og dei tvitydige og antydande tekstane. Musikken og songane synte påverknad frå bluesmusikken. Etter debutalbumet gav bandet ut Rio Grande Mud (1972), som selde dårleg og turneen som følgde gjekk stort sett for tomme auditorium.

Det første tiåret og signaturstilen (1973–1982)Endra

 
ZZ Top på scenen i 1976.

ZZ Top gav ut Tres Hombres i 1973. Stilen på albumet var prega av den drivande rytmen til Hill og Beard, og den rumlande gitaren til Gibbons. Dan Erlewine skreiv om albumet at det «førte ZZ Top til den første Topp 10-plasseringa si, og gjorde dei til stjerner». Albumet inneheld den boogie-drivne «La Grange» (skriven om Chicken Ranch, eit kjend bordell i La Grange i Texas, som var inspirasjonen bak musikalen The Best Little Whorehouse in Texas). På den påfølgjande turneen spelte bandet for utselde konsertlokale i USA. ZZ Top gjorde konsertopptak for det komande albumet, Fandango! frå 1975, under denne turneen. Fandango! gjekk inn på topp 10 på albumlista. Singelen «Tush» nådde 20. plassen på Billboard Hot 100. Tejas kom ut i 1976, men vart ikkje like godt mottekene som dei førre albuma, og nådde 17. plassen på Billboard 200.[14] ZZ Top fortsette å turnere mykje på dene tida, noko dei hadde gjort samanhengande i sju år. Bandet valte å ta ein nitti dagar lang pause. Gibbons reiste til Europa, Beard drog til Jamaica og Hill drog til Mexico.[15] Pausen viste seg å bli to år lang, og i denne tida voks skjegget til Gibbons og Hill ned til brystet deira.[16]

I 1979 fekk ZZ Top platekontrakt med Warner Bros. Records og gav ut albumet Degüello. Albumet selde til platinaplate, men nådde berre 24. plassen på Billboard.[17] Albumet inneheld to populære singlar, «I Thank You», ein coverversjon av ein Sam & Dave-song, og «Cheap Sunglasses». Bandet var framleis eit populært konsertband med Expect No Quarter-turneen. I april 1980 heldt ZZ Top dei første konsertane sine i Europa, og spelte på det tyske TV-showet Rockpalast. Det neste albumet, El Loco, vart gjeven ut i oktober 1981 og inneheld singlane «Tube Snake Boogie», «Pearl Necklace» og «Leila».[18]

Eliminator, Afterburner og Recycler (1983–1991)Endra

 
Hill og Gibbons i 1983.

Det neste ZZ Top-albumet vart ein større suksess. Eliminator kom ut i mars 1983 og inneheld to hitsinglar («Gimme All Your Lovin'» og «Legs»), og to andre songar som gjorde det godt på Top Rock-lista i USA («Got Me Under Pressure» og «Sharp Dressed Man»). «Legs» nådde 13. plassen på Club Play Singles-lista.[19] Eliminator fekk god kritikk og selde godt, meir enn 10 millionar eksemplar,[9] og fleire av musikkvideoane vart mykje spelte på MTV. Bandet vann den første MTV Video Music Award-prisen sin i kategoriane beste gruppevideo for «Legs», og beste regissør for «Sharp Dressed Man». Musikkvideoane vart sidan gjeven ut på videosamlinga Greatest Hits, som seinare kom ut på DVD og selde til multi-platina.[9] Eliminator var ikkje utan kontroversar. I følgje den tidlegare scenemanageren David Blayney i boka si «Sharp Dressed Men», var lydteknikaren Linden Hudson medlåtskrivar på mange av songane på albumet, og fungerte som musikklærar for Beard og Gibbons. Trass i at bandet alltid har nekta for dette, vart ein fem år lang rettstridd avgjort ved at bandet betalte Hudsom 600 000 dollar etter at han beviste at han heldt opphavsretten på songen «Thug».[20][21][22]

Trass i at det ikkje selde like godt som Eliminator, vart Afterburner albumet deira som nådde høgast på listene,[23] og selde over fem millionar eksemplar.[9] Alle singlane frå Afterburner vart hitta og to av dei, «Sleeping Bag» og «Stages» nådde toppen på Mainstream Rock-lista.[23] Musikkvideoen for «Velcro Fly» vart koreografert av popsongaren Paula Abdul.[24] Den lange Afterburner-turneen varte til langt inn i 1987, då bandet gav ut The ZZ Top Sixpack, som var ei samleplate på tre plater frå 1970 til 1981, med unntak av Degüello. Albuma ZZ Top's First Album, Rio Grande Mud, Tres Hombres, Fandango og Tejas vart miksa til ein meir moderne lyd.[25]

Recycler kom ut i 1990 og var det siste albumet til ZZ Top på Warner Records. Recycler var òg det siste i ein distinkt sonisk trilogi i katalogen til ZZ Top, og markerte eit steg attende til ein enklare gitardriven bluesstil med mindre synthesizer og pop enn på dei førre to albuma. Dette grepet gjekk ikkje heilt heim hos fansen som bandet hadde opparbeidd seg med Eliminator og Afterburner, og sjølv om Recycler selde til platinaplate, klarte det aldri å oppnå same salstal som dei to førre albuma.

Attende til ein gitardriven stil (1992–2003)Endra

I 1992 gav Warner ut ZZ Top's Greatest Hits, i lag med den nye Rolling Stones-aktige songen «Gun Love», og ein Elvis-inspirert video, «Viva Las Vegas». I 1993 heldt ZZ Top introduksjonstalen då ei av dei store inspirasjonskjeldene deira, Cream, vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

I 1994 signerte bandet ein avtale verdt 35 millionar dollar med RCA Records,[26] og gav ut det millionseljande Antenna. Seinare RCA-album, Rhythmeen (1996) og XXX (1999) selde begge godt, men var ikkje like populære som tidlegare album. I 2003 gav ZZ Top ut det siste albumet sitt på RCA, Mescalero. RCA-impresario Clive Davis ønskte å få i stand eit samarbeidsalbum, slik Carlos Santana hadde gjort med Supernatural) for dette albumet. I eit intervju for Gullmine sa Davis at dei var i kontakt med Pink, Dave Matthews og Wilco med tanke på eit slikt prosjekt. ZZ Top framførte «Tush» og «Legs» i pausen på Super Bowl i 1997.

Ei omfattande fire CD-ar stor samling frå London- og Warner Bros.-åra, Chrome, Smoke & BBQ, kom ut i 2003. Det inneheld den første singelen deira (A- og B-sida) og fleire sjeldne B-sider, i tillegg til ei radioframføring frå 1979, eit konsertopptak og fleire lengre miksar av dei største hittane deira. Tre songar frå bandet Billy Gibbons hadde før ZZ Top, Moving Sidewalks, vart òg inkludert.

Seinare årEndra

I 2004 vart ZZ Top innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. Keith Richards frå The Rolling Stones heldt introduksjonstalen. ZZ Top framførte «La Grange» og «Tush».

 
ZZ Top på Crossroads Guitar Festival, den 26. juni 2010

Utvida og nymastra utgåver av albuma deira frå 1970- og 1980-åra vart gjevne ut i 2000-åra.[27]

Eliminator Collector's Edition CD/DVD, som feira 25-årsjubileet til utgjevinga, kom ut 10. september 2008. Denne utgåva inneheld sju bonusspor og ein bonus-DVD, med fire framføringar på The Tube i november 1983.

Bandet spelte i 2009 på Houston Livestock Show and Rodeo. I juli spelte bandet på VH1-programmet Storytellers.[28]

 
ZZ Top på Majestic Theatre i San Antonio i 2015.

11. september 2012 gav bandet ut La Futura, produsert av Rick Rubin.[29][30] I 2015 turnerte bandet i Nord-Amerika og hadde med seg Jeff Beck på sju konsertar.[31][32]

Den 9. september 2016 gav ZZ Top ut konsertalbumet Tonite at Midnight: Live Greatest Hits from Around the World.

Seinvinteren 2017 turnerte ZZ Top igjen i Nord-Amerika.[33] Dei måtte avlyse eit par konertar då bassiste Dusty Hill vart sjuk.[34]

I 2018 annonserte bandet at dei skulle halde seks konsertar i Las Vegas frå 20. april 2019.[35]

BandmedlemmarEndra

Noverande medlemmar
Tidlegare medlemmar
  • Billy Ethridge – bassgitar (1969)
  • Lanier Greig – bassgitar, Hammondorgel (1969)[36]
  • Dan Mitchell – trommer (1969)

DiskografiEndra

StudioalbumEndra


KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Koda, Cub. «ZZ Top – Artist Biography». AllMusic. All Media Network. Henta 28. september 2018. 
  2. Bashe, Patricia; George-Warren, Holly, red. (2001). The Rolling Stone Encyclopedia of Rock & Roll (3rd utg.). Simon & Schuster. ISBN 978-0-7432-0120-9. 
  3. Talevski, Nick (2006). Rock Obituaries – Knocking On Heaven's Door. Omnibus Press. s. 173. ISBN 978-1-8460-9091-2. 
  4. Bonson, Fred (31. august 1996). «Wea's Greatest Hits». Billboard 108 (35): 34. ISSN 0006-2510. It was the band's second album, «Tres Hombres,» that established their boogie-rock credentials by peaking at No. 8 in 1974. 
  5. Cibula, Matt (4. januar 2004). «ZZ Top: Mescalero». PopMatters. Henta 27. september 2018. 
  6. McPadden, Mike (2012). «ZZ Top». If You Like Metallica... Backbeat Books. 
  7. Zalkind, Ronald (1980). Contemporary Music Almanac: 1980–1981 (1st utg.). Schirmer Books. s. 349. 
  8. Josh Jackson & Paste Music Staff (26. februar 2018). «The 50 Best Southern Rock Albums of All Time». Paste. Henta 27. september 2018. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 «RIAA – Gold & Platinum Searchable Database – Eliminator». Recording Industry Association of America. Henta 19. november 2016. 
  10. «ZZ Top «Live At Montreux 2013» DVD, Blu-ray, and Digital Formats Out 22. juli 2014». Music Recall Magazine. 16. juni 2014. Henta 4. august 2014. 
  11. 11,0 11,1 Dansby, Andrew (16. februar 2013). «Greig, early ZZ Top member, dies at 64». Houston Chronicle. Henta 28. september 2018. 
  12. «The Dead Rock Stars Club – 2013. januar to June». The Dead Rock Stars Club. Henta 28. september 2018. 
  13. «Uncle Joe Benson – The Story: ZZ Top 9-11-15 The Stor». SoundCloud. Henta 28. september 2018. 
  14. «Tejas – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 28. september 2018. 
  15. di Perna, Alan (2. juli 2008) «ZZ Top: Cars, Guitars, & Three Unlikely Rock Stars». Arkivert frå originalen 30. oktober 2008. . Guitar World.
  16. Tom Vickers, sleeve notes for Rancho Texicano (Warner Bros Records Inc., 2004).
  17. «Degüello – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 28. september 2018. 
  18. «El Loco – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 28. september 2018. 
  19. «Eliminator – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 28. september 2018. 
  20. Blayney, David (1994). Sharp Dressed Men. New York: Hyperion. s. 196–203. ISBN 0-7868-8005-8. 
  21. Frost, Deborah (1985). ZZ Top - Bad And Worldwide. New York: Rolling Stone Press. ISBN 0020029500. 
  22. Sinclair, David (1986). Tres Hombres: The Story of ZZ Top. Virgin. ISBN 0-86369-167-6. 
  23. 23,0 23,1 «Afterburner – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 28. september 2018. 
  24. «Paula Abdul – Times Topics». The New York Times. 5. august 2009. Henta 28. september 2018. 
  25. Merlis, Bob; Bessman, Jim (1987). ZZ on CD: Meeting The Digital Challenge Head On. ZZ Top Six Pack CD Booklet: Warner Bros Records. s. 2. 
  26. «VH1 Rock Honors 2007 – Honorees». VH1. 2007. Henta 28. september 2018. 
  27. ««Eliminator» Reissue Coming March 25th!». Arkivert frå originalen 18. juli 2011. . ZZtop.com. 14. januar 2008.
  28. «VH1 To Premiere ZZ Top «Storytellers»» (Press release). 10. juni 2009. http://www.icelebz.com/gossips/tv/vh1_to_premiere_zz_top_storytellers_/. Henta 18. desember 2010. 
  29. Fricke, David; Helton, Eric; Murphy, Matthew (29. november 2011). «Billy Gibbons on the band's next album». Rolling Stone. Henta 28. september 2018. 
  30. «La Futura By ZZ Top». MP396. 13. september 2012. Henta 28. september 2018. 
  31. «ZZ Top 2015 North American Tour Schedule With Jeff Beck & Blackberry Smoke». Zz-top.concerttournewshub. Arkivert frå originalen 6. oktober 2015. Henta 29. mars 2015. 
  32. «Upcoming Tour Dates». Zztop.com. Henta 29. mars 2015. 
  33. «ZZ Top Announce 2017 'Tonnage' Tour». Ultimate Classic Rock (på engelsk). Henta 28. september 2018. 
  34. «ZZ Top Cancel Remaining 2017 Tour Dates». Ultimate Classic Rock (på engelsk). Henta 28. september 2018. 
  35. Staff, KTNV (2018-09-24). «ZZ Top returning to Venetian in 2019». KTNV (på engelsk). Henta 28. september 2018. 
  36. Giles, Jeff (21. februar 2014). «Meet the OTHER Three Members of ZZ Top». Ultimate Classic Rock. Henta 16. september 2017. 

BakgrunnsstoffEndra