Bob Babbitt

amerikansk musikar

Robert Andrew Kreinar (26. november 193716. juli 2012), kjend som Bob Babbitt, var ein ungarsk-amerikansk bassist som spelte R&B, pop og funk. Babbitt var mest kjend som medlem av studiobandet til Motown Records, Funk Brothers, frå 1966 til 1972, i tillegg til tida hans som ein del av MFSB for Philadelphia International Records etter det. I 1968 skipa han òg bandet Scorpion i lag med Mike Campbell, Ray Monette og Andrew Smith, som varte til 1970.[1] Han vart rangert som den 59. beste bassisten gjennom tidene av magasinet Bass Player.[2]

Bob Babbitt

Fødd26. november 1937(1937-11-26)
FødestadPittsburgh i Pennsylvania i USA
Død16. juli 2012 (74 år)
DødsstadNashville i Tennessee i USA
FødenamnRobert Andrew Kreinar
OpphavUSA
Aktiv1961–2012
SjangerR&B, pop, funk
InstrumentBass
Tilknytte artistarThe Funk Brothers, Cindy Bullens
PlateselskapMotown
Verka somMusikar

Babbitt spelte på innspelingar med Frank Sinatra, Barry Manilow, Gloria Gaynor, Robert Palmer og Alice Cooper medan han arbeidde i New York, og på denne tida spelte han òg på «Midnight Train to Georgia» av Gladys Knight & the Pips og «The Rubberband Man» av The Spinners.[3]

Andre kjende songar Babbitt spelte bass på var mellom andre «Signed, Sealed, Delivered I'm Yours» av Stevie Wonder og nyinnspelinga av «We Can Work It Out», «War» av Edwin Starr, «The Tears of a Clown» av Smokey Robinson & the Miracles, «Mercy Mercy Me (The Ecology)» og «Inner City Blues» av Marvin Gaye, «Cool Jerk» av The Capitols, «Band Of Gold» av Freda Payne, «Give Me Just a Little More Time» by Chairmen of the Board, «Ball of Confusion (That's What the World Is Today)», «Just My Imagination (Running Away with Me)» og «Masterpiece» av The Temptations og «Just Don’t Want to Be Lonely» av The Main Ingredient.[4]

Han deltok på hundrevis av andre hittar, som «Little Town Flirt» av Del Shannon, «I Got a Name» av Jim Croce og «Scorpio» av Dennis Coffey & the Detroit Guitar Band. Han spelte på Jimi Hendrix-albumet Crash Landing, med Phil Collins på det Motown-aktige albumet hans, Going Back.

Diskografi

endre

Med Tom Rush

Med Bonnie Raitt

Med Herbie Mann

Med Jimmy McGriff

Med Lonnie Smith

Med Stanley Turrentine

Med Rodriguez

Kjelder

endre
  1. «Scorpion (album, band)». BadCat Records, Reston, VA, USA. Arkivert frå originalen 29. september 2018. Henta 29. september 2020. 
  2. «The 100 Greatest Bass Players of All Time». bassplayer.com. NewBay Media. 
  3. Jisi, Chris. «Phil Chen & Bob Glaub pay tribute to Bob Babbitt & Duck Dunn.» Bass Player April 2013: 18+. General OneFile. Web. 16. april 2014.
  4. [1]

Bakgrunnsstoff

endre

Mal:The Funk Brothers