Just My Imagination (Running Away with Me)
Just My Imagination (Running Away with Me) Singel av The Temptations frå albumet Sky's the Limit | ||
B-side |
«You Make Your Own Heaven and Hell Right Here on Earth» | |
---|---|---|
Utgjeve | 14. januar 1971 | |
Innspelt | Hitsville USA (Studio A); 24. november 1970 og 3. desember 1970 | |
Sjanger | Soul | |
Lengd | 3:54 | |
Selskap | Gordy G 7105 | |
Komponist | Norman Whitfield | |
Tekstforfattar | Barrett Strong | |
Låtskrivar(ar) | Norman Whitfield, Barrett Strong | |
Produsent | Norman Whitfield | |
The Temptations-kronologi | ||
«Ungena Za Ulimwengu (Unite the World)» (1970) |
Just My Imagination (Running Away with Me) | «It's Summer» (1971)
|
«Just My Imagination (Running Away with Me)» er ein song av soulgruppa The Temptations. Han vart gjeven ut på Gordy (Motown) på albumet deira Sky's the Limit frå 1971 og var produsert av Norman Whitfield. Han vart òg gjeven ut som singel og vart den tredje Temptations-songen som nådde førsteplassen i USA, der han låg i to veker.
I dag vert «Just My Imagination» rekna som ein av signatursongane til Temptations og har ein stil som liknar 60-talsstilen til bandet. Det var òg den siste singelen der Eddie Kendricks og Paul Williams, som begge var med å danne bandet, var med. Under innspelinga og utgjevinga av singelen, forlet Kendricks gruppa for å starte ei solokarriere, medan Williams måtte gje seg på grunn av skrantande helse. I 2004 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone songen på 399. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
Fleire grupper har sidan spelt inn «Just My Imagination», mellom andre The Rolling Stones, på albumet deira Some Girls frå 1978. Denne utgåva har eit høgare tempo, tydlegare elektriske gitarar og ein generelt røffare stil.
Medverkande
endre- Solovokal av Eddie Kendricks og Paul Williams
- Korvokal av Dennis Edwards, Melvin Franklin, Paul Williams og Otis Williams
- Skriven av Norman Whitfield og Barrett Strong
- Produsert av Norman Whitfield
- Orkester arrangert og dirigert av Jerry Long
- Instrumentering av The Funk Brothers, inkludert Eddie Willis (gitar), Bob Babbitt (bass), Jack Ashford (marimba), Jack Brokensha (pauke) og Andrew Smith (trommer)
- Strykarar og blåsarar av medlemmer frå Detroit Symphony Orchestra
Salslister
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Just My Imagination (Running Away with Me)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2009.
Bakgrunnsstoff
endre400: «Baby I Need Your Loving» The Four Tops |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 399 «Just My Imagination» The Temptations |
398: «Roxanne» The Police |
- ↑ Canada RPM 100 Singles, 3. april 1971
- ↑ Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
- ↑ «Top 100 Hits of 1971/Top 100 Songs of 1971». Musicoutfitters.com. Henta 28. mars 2018.
- ↑ Billboard. Books.google.com. 25. desember 1971. s. 15. Henta 28. mars 2018.