Opna hovudmenyen
Turn On Your Love Light
Singel av Bobby Bland
B-side «You're The One (That I Need)»
Utgjeve 1961
Innspelt Houston, Texas, 1961
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 2:30
Selskap Duke (344)
Låtskrivar(ar) Joseph Wade Scott, Deadric Malone aka Don Robey
Bobby Bland-kronologi
«Don't Cry No More»
(1961)
Turn On Your Love Light «Ain't That Loving You»
(1962)


«Turn On Your Love Light» er ein rhythm and blues-song spelt inn av Bobby Bland i 1961. Songen vart både ein R&B- og pop-hit for Bland og vart ein av dei mest kjende songane hans. Fleire artistar har spelt inn songen, mellom andre Grateful Dead, som spelte han fast på konsertane sine.

Komposisjon og innspelingEndra

«Turn On Your Love Light» vart skriven av bandleiaren og arrangøren Joe Scott (med ekstra tilskriving til Duke Records-eigaren og produsenten Don Robey, òg kjend som Deadric Malone). Blåsararrangementet til Scott «auka spaningsinnsatsen»[1] medan «rytmen fekk momentum då horna og perkusjonen snakka med kvarandre» og vokalen til Bland «reid på toppen».[2] Med seg på innspelinga hadde Bland truleg Joe Scott og Melvin Jackson (trompet), Pluma Davis (trombone), Johnny Board og Jimmy Beck (saksofon), Rayfield Davers (barytonsaksofon), Teddy Reynolds (piano), Wayne Bennett (gitar), Hamp Simmons (bass) og John «Jabo» Starks (trommer).[2]

MottakingEndra

«Turn On Your Love Light» var ein av Bobby Bland sine mest populære singlar. Songen gjekk inn på Billboard R&B-lista den 4. desember 1961, og nådde til slutt andreplassen i løpet av ein periode på 15 veker inne på lista.[3] Songen nådde òg poplista og nådde 28. plassen der, ein av dei høgaste plasseringane til Bland.[3] I 1999 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame Award[4] og er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei «500 songane som forma Rock and Roll».[5]

Seinare utgåverEndra

I 1964 spelte bandet til Van Morrison, Them, ofte «Turn On Your Love Light» på konsertane sine på Maritime Hotel i Belfast i Nord-Irland. Ein fan tok opp ein av konsertane slik at Dick Rowe la merke til dei og dei fekk platekontrakt med Decca Records. Songen er med på albumet deira Them Again frå 1966.

I 1966 vart «Turn On Your Love Light» eit fast innslag på Grateful Dead-konsertar, sungen av Ron McKernan. Ein 15 minuttar lang versjon finst på det doble konsertalbumet Live/Dead i 1969. Ein versjon dei spelte på Woodstockfestivalen i 1969 varte meir enn 45 minuttar.[6] The Grateful Dead tok seinare opp att songen på konsertane sine i 1980-åra med Bob Weir på vokal. Ein kortare versjon (6:30) finst på samlealbumet Skeletons from the Closet: The Best of Grateful Dead.

I 1966 vart songen (kalla «Love Lights») spelt inn av The Rascals, som ein del av ein medley med Motown-songen «Mickey's Monkey» på albumet Collections. I 1967 vart songen gjeven ut på singel av Jerry Lee Lewis og inkludert på albumet Soul My Way (Smash SRS 67097). Lewis spelte inn att songen i 1972 som ein oppfølgjar til hitten «Chantilly Lace» og han gjekk inn lågt på Billboard Hot 100. Han kom òg ut på albumet The 'Killer' Rocks On i 1972. I 1968 gav The Human Beinz ut sin versjon for Capitol Records og han gjekk til topps på salslista i Japan.[7] I 1968 spelte Bill Black's Combo inn songen og denne kom ut på albumet med same namn. Singelen nådde 82. plassen på Billboard Hot 100 og den kanadiske RPM-lista, den einaste gongen gruppa klarte å nå lista. Tom Jones framførte songen 18. april 1969 på TV-programmet This Is Tom Jones. Før dei vart med i Grand Funk Railroad, spelte Mark Farner og Don Brewer denne songen som «Love Lights» og denne finst på Monumental Funk. I 1972 spelte Edgar Winter's White Trash inn songen for konsertalbumet Roadwork. I 1972 vart songen òg spelt inn av Bob Seger på albumet Smokin' O.P.'s. Countryartisten Conway Twitty spelte songen i 1980 på albumet Heart and Soul. Songen vart framført av The Blues Brothers i filmen Blues Brothers 2000. John Boutté tilpassa songen med anna tekst som «Treme Song» og denne finst på albumet hans Jambalaya frå 2003. Denne vart seinare nytta som kjenningsmelodi for TV-serien Treme.

KjelderEndra

  1. Dahl, Bill. «Bobby «Blue» Bland – Biography». AllMusic. Rovi Corp. Henta 17. august 2017. 
  2. 2,0 2,1 Morthland, John (1992). The Best of Duke-Peacock Blues (Album notes). Various. MCA Records. s. 12, 15. MCAD-10667. 
  3. 3,0 3,1 Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942–1988. Record Research, Inc. s. 45. ISBN 0-89820-068-7. 
  4. «Grammy Hall of Fame Awards – Past Recipients». The Recording Academy. 1999. Henta 17. august 2017. 
  5. «500 Songs That Shaped Rock and Roll». Exhibit Highlights. Rock and Roll Hall of Fame. 1995. Arkivert frå originalen 2007. Henta 17. august 2017. 
  6. Denne finst blant «Special Features» på Disk 3 av 40-årsjubileumsutgåva av filmen Woodstock (1970).
  7. «Human Beinz at ROCK CON The National Rock & Roll Fan Fest». Nationalrockcon.com. Henta 17. august 2017.