Bobby Colomby
Robert Wayne Colomby (fødd 20. desember 1944) er ein USA-amerikansk jazzrock-trommeslagar, plateprodusent og TV-programleiar. Han er mest kjend som orgiginalt medlem i gruppa Blood, Sweat & Tears, som han var med å skipe i 1967. Han har òg spelt med ei rekkje andre artistar.
Bobby Colomby | |||
Fødd | 20. desember 1944 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New York by | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | trommesett | ||
Verka som | musikkprodusent, musikar, komponist |
I 1976 var han blitt det einaste opphavlege medlemmet att i Blood, Sweat & Tears, og vart i røynda eigaren av namnet. Han produserte debutalbumet til Jaco Pastorius i 1976, og comeback-albumet til The Jackson 5, Destiny i 1978.
Eit par år seint i 1980-åra var han reporter på TV-programma Entertainment Tonight og CBS This Morning. Han var òg programleiar for In Person from the Palace.
I 2000 skipa Colomby og Richard Marx plateselskapet Signal 21 Records.[1] Dei gav berre ut eitt album, Richard Marx sitt Days in Avalon, før det vart lagt ned att.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bobby Colomby» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mai 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Navarre sends out Signal 21». Business Wire. 2000.