Gardsnamn

(Omdirigert frå Gardnamn)

Gardsnamn er namnet på ein gard. Ein namnegard kan vera delt opp i fleire gardsbruk, som ofte har eigne bruksnamn.

Gardsnamnet som historisk kjelde endre

Garden som driftseining i norsk landbruk vart etablert i eldre jernalder, i hundreåra før Kristi fødsel. I Noreg er naturnamn som Berg, Ås og Vik haldne for å vere dei eldste.

Namnet Stein på ein gard kan visa til ein stor kampestein eller bautastein som stod på garden.

Namn som endar på

  • -vin ('grasslette'),
  • -um ('heim'),
  • -land ('jordstykke'),
  • -set ('sete', 'bustad')
  • -stad (av å standa; der husdyra stod)
    vart bruka frå eldre jernalder og fram mot mellomalderen, kanskje helst i tida 600-1000.

Andre namn vart vanlegare frå år 1000 fram mot 1300:

  • -rud ('rydning'),
  • -gard ('inngjerding'),
  • -ár ('eigedom'),
  • -bø, -hus, -torp, -bu, -stova, -kot ('bustad'),
  • -akr, -reite, -jord ('dyrkingsjord'),
  • -hage, -løkka, -holt,-lund',-voll mfl ('utmark'),
  • -svid(ning) (frå dyrkingsmåten)

I hundreåra etter svartedauden vart det nesten ikkje rydda nye gardar. Gardar som vart lagde aude, kunne verte gløymde og miste namnet sitt, eller få nye namn som Aune og Øygarden.

Gardar som er rydda i nyare tid, kan ha fått namn som er danna etter mønster av jernalder- og mellomaldergardar. Men i slike høve finst det oftast nyare kjelder som seier oss når garden er rydda.

Gardsnamn som slektsnamn endre

Mange etternamn og slektsnamn i Noreg har rot i gardsnamn, ved at gardsnamnet vart bruka etter personnmanet nærast som ein adresse. Mot slutten av 1800-talet utvikla dette seg til eit fast etternamn, men likevel slik at folk lenge endra etternamn dersom dei flytta frå ein gard til ein annan.

Standardverket Norske Gaardnavne har ei oversikt over norske gardsnamn.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre