Trykking
Trykking er ein industriell prosess for å produsere tekst og bilde, typisk med blekk på papir ved hjelp av ei trykkepresse.
Historie
endreTrykking blei først utvikla i Kina, der blokktrykk med tre var i bruk på 500-talet. I 1040 utvikla oppfinnaren Bi Sheng lause typar i tre, og to århundre seinare blei det laga metalltypar i Korea. Utbreiinga av trykkekunsta førte til at kinesiske bibliotek inneheldt titusentals verk, medan bøker fortsatt var mangelvare i Europa.
Kunnskapen om trykking filtrerte truleg vestover, gjennom India og Arabia til Europa, men likevel var ein nøydd til å gjenoppfinna dei lause typane her. Det gjorde Johann Gutenberg i 1440, på ei gammal vinpresse. Oppfinninga er blitt gjeven mykje av æra for den europeiske overgangen frå mellomalder til opplysingstid.
Mot slutten av 1700-talet kom ei bølgje med nye oppfinningar innan trykkinga, som teknikkane litografi og trestikk, og fleire typar nye og sterkare presser.
Moderne trykkeprosessar
endreVi har i dag fire forskjellige trykkteknikkar som blir brukt til både industriell og kunstnarisk trykking.
- Høgtrykk (boktrykk), der elementa ein trykkar ligg høgare enn dei andre
- Djuptrykk, der elementa ein trykkar ligg djupare enn dei andre
- Flattrykk/Plantrykk (litografi, offset), der det ikkje er høgdeforskjell på dei trykkande og ikkje-trykkande felta i trykkforma
- Silketrykk (serigrafi), der fargen blir pressa gjennom hol i ein duk.
Bakgrunnsstoff
endre- DET TRYKTE ORD - bokens historie i Norge av Karin-Helene R. Hognestad