59°14′27″N 18°13′25″E / 59.24083°N 18.22361°E / 59.24083; 18.22361

Bollmora kommunvapen

Bollmora er ein svensk tettstad i Stockholms län i landskapet Uppland. Bollmora er administrasjonssenter for Tyresö kommune og er ein del av tettstaden Stockholm. I 2010 hadde tettstaden 15 220 innbyggjarar. Bollmora er vokse saman med kommunedelane Trollbäcken og Tyresö.

Bollmora
Bollmora i Tyresö kommune

Bollmora gard var namnet på eigedomen som i dag utgjer byen Bollmora. Garden låg omtrent der Shellstasjonen i dag ligg, i krysset mellom Njupkärrsvägen og Industrivägen. Fram til 1950-talet var Bollmora ei bygd, men i samband med den store innflyttinga til Stockholm1950- og 60-tllet ekspanderte Bollmora sterkt. Ekspansjonen vart gjort mogeleg av Lex Bollmora i 1959, ei lovendring som gav kommunale eigedomsselskap høve til å bygge i andre kommunar enn sin egen. Stockholms kommunale eigndomsselskap byrja like etter å bygge i Bollmora.

I 1965 vart Bollmora sentrum, som fram til då var eit ordinært småbysenter, innvigd. I 1992 vart det nye Bollmora sentrum innvigd, og det hadde no blitt eit kjøpesenter, og namnet vart endra til Tyresö Centrum. Per 2008 er det planlagt å bygge ut Tyresö Centrum med meir forretningsareal og fleire bustader.

Bakgrunnsstoff endre