Bonne Gauguin

norsk skodespelar (1910-1989)

Ingeborg Kathrine Gauguin (28. november 191012. juli 1989), best kjend som Bonne Gauguin, var ein norsk skodespelar og dansepedagog.[1]

Bonne Gauguin
Fødd28. november 1910
FødestadOslo
Død12. juli 1989 (78 år)
DødsstadOslo
FødenamnIngeborg Kathrine Jelstrup
Aktive år1930–1984
Verka somskodespelar, danseinstruktør
EktefellePaul René Gauguin

Gauguin var dotter av arkitekt Thomas Krenkel Jelstrup (1863-1917) og Emilie Constanse «Milly» (f. Winter-Hjelm) (1876-1955). Ho utdanna seg til dansepedagog i Tyskland. På 1930-talet flytta ho til Trondheim og debuterte ved Trøndelag Teater.

I 1941 gifta ho seg med biletkunstnaren Paul René Gauguin, som var scenograf ved Unge Trøndelag Teater 1939–1945. Dei flytta til Oslo i I 1946, der ho fekk engasjement ved Studioteatret. Ekteskapet vart oppløyst før 1950. Då Studioteatret vart nedlagt, byrja ho å arbeide ved Riksteatret og arbeidde også ved Folketeatret og i mindre grad ved Det norske teatret, Radioteatret, Fjernsynsteatret og i norske filmar. Ein av dei siste teaterframsyningane hennar var som læraren i Grease i regi av Stein Winge i 1984.[2]

Filmografi endre

Kjelder endre

  1. «Bonne Gauguin». Aftenposten. 21. juli 1989. Henta 4. desember 2021. 
  2. «Bonne Gauguin». Sceneweb. Henta 14. juli 2016. 

Bakgrunnsstoff endre