Bonnier
Bonnier AB er eit familieeigd mediekonsern med base i Sverige. Det er verksamt i meir enn 20 land, med vekt på Nord-Europa. Bonnierkonsernet omfattar ca. 150 føretak. Blant desse er Dagens Nyheter, Expressen, Dagens Industri, Stockholm City, Bonnier Tidskrifter, Svensk Filmindustri og TV4. Bonnier eig også det norske tradisjonsrike forlaget Cappelen.
Bonnier | |
![]() | |
![]() | |
Selskapsform | aktiebolag ![]() |
---|---|
Skipa | 1837 |
Dotterselskap | TV4 Media, Cappelen Damm, Werner Söderström OY ![]() |
Bransje | massemedium, forlagsverksemd, eiendomsforvaltning, underhaldningsbransjen |
Land | Sverige ![]() |
Hovudkontor | Stockholm ![]() |
Nettstad | https://www.bonnier.com |
Direktør og konsernsjef er Jonas Bonnier.
Forretningsområde Endra
- Bonnier Books – omfattar forlag, bokklubbar og nettbokhandlar.
- Bonnier Magazine Group – omfattar tidsskriftsforlag.
- Bonnier Newspapers – omfattar hovudsakleg dagsaviser.
- Bonnier Business Press – omfattar Dagens Industri og europeiske søsteraviser.
- Bonnier Entertainment – omfattar føretak innanfor etermedia, musikk og film.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Bonnier» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mars 2014.