Borgåbladet var ei svenskspråkleg lokalavis som vart utgitt i Borgå i Finland. Avisa dekte Östra Nyland med Borgå og Sibbo som tyngdepunkt. Ho kom ut fem dagar i veka og hadde eit opplag på rundt 8 000 eksemplar. Avisa var uavhengig borgarleg. 

Borgåbladet
LandFinland
TypeAvis[1]
Grunnlagd15. Desember 1860'"`uniq--ref-00000001-qinu`"'
Nedlagd13. januar 2015
SpråkSvensk[1]
HovudkvarterBorgå
ISSN0358-6294[1]
Nettstadhttp://www.bbl.fi

Første eksemplar av Borgåbladet kom ut den 15. desember 1860. Avisa var dermed den tredje eldste avisa i Finland. I 2014 vart Borgåbladet slått saman med avisa Östra Nyland av KSF Media, som eigde begge avisene. Den nye avisa fekk namnet Östnyland.[2][3] Første utgåve av den nye avisa vart gitt ut 13. januar 2015.[2]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://digi.kansalliskirjasto.fi/sanomalehti/titles/0358-6294/data.
  2. 2,0 2,1 «BBL och ÖN blir Östnyland» (på svensk). 29. november 2014. Henta 18. juni 2020. 
  3. «Björn Månsson: Borgåbladet borde återuppstå» (på svensk). 24. mai 2016. Henta 18. juni 2020. 

Bakgrunnsstoff

endre