Borghild Bondevik Haga
norsk politikar
Borghild Bondevik Haga (fødd 8. desember 1906 i Austre Moland, daud 12. april 1990) var ein norsk politikar for Venstre. Ho representerte Vestfold på Stortinget i perioden 1965–69. Ho var då medlem av landbrukskomiteen. Ho er den siste personen som har representert Venstre frå Vestfold på Stortinget.
Borghild Bondevik Haga | |||
Fødd | 8. desember 1906 | ||
---|---|---|---|
Død | 12. april 1990 (83 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
|
Haga var medlem av Brunlanes kommunestyre frå 1959 til 1965 og av Vestfold fylkesskolestyre frå 1968 til 1975, frå 1972 som formann.
Ho var formann i Noregs Husflidslag frå 1968 til 1974 og deretter fram til 1980 formann i styret for kurssenteret til laget i Gjerstad.
Haga var tilsett som sekretær i KFUK i Kristiansand frå 1933 til 1935. Deretter var ho gardbrukar.
Kjelder
endre- Terje Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985. Biografiar, Kunnskapsforlaget 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Borghild Bondevik Haga» frå Wikipedia på bokmål, den 19. desember 2015.