Borghild Niskin

norsk alpinist

Borghild Solveig Niskin (19. februar 192418. januar 2013) var ein norsk alpinist frå Hole i Buskerud. I tida 1946-56 vann ho 17 NM-titlar. Ho vart som fyrste kvinne tildelt Holmenkollmedaljen i 1956.

Borghild Niskin


Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. februar 1924
Hole
Død

18. januar 2013 (88 år)

Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1956, Vinter-OL 1952, Vinter-OL 1948

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen

Karriere endre

Borghild Niskin, fødd Hansen på Sollihøgda i Hole, tok sitt fyrste noregsmeisterskap då ho i 1946 vann den fyrste av fem norske meistertitlar i slalåm. Ho debuterte i olympiske leikar under Vinter-OL 1948 i St. Moritz, der ho saman med Laila Schou Nilsen utgjorde Noregs kvinnelag. Hennar beste plassering var ein 19. plass. Betre gjekk det ikkje i VM 1950 i Aspen, der ho kom på 23. plass i utfor. Under OL 1952 på heimebane i Oslo vart ho beste norske deltakar med sjetteplass i storslalåm.

Etter gode prestasjonar i alpin-VM 1954 i Åre, der ho vart nummer åtte i utfor og i kombinasjonen, fylgde ho opp med sine beste resultat under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Med åtte tidels sekund opp til bronsevinnaren Thea Hochleitner vart ho nummer sju i storslalåm. Tidene frå dei olympiske tevlingane i slalåm og utfor vart rekna saman som ei VM-øving i kombinasjon; her kom Niskin på femteplass. OL-sesongen 1956, hennar siste sesong, vart avslutta med at ho tok sitt sjuande NM-gull i utfor.

Kjelder endre