Opna hovudmenyen
Nørvøya
Geografi
Norway - Nørvøya.png
Stad Sunnmøre
Koordinatar 62°28′32″N 06°10′58″EKoordinatar: 62°28′32″N 06°10′58″E

Areal 5,0 km²

Høgaste punkt 153 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal

Demografi
Folketal 9000
Folketettleik 1800 /km²

Nørvøya er ei tettbygd øy og ein bydel i Ålesund kommuneSunnmøre. Nørvøy er arealmessig den nest største av dei fire øyane som tilhøyrer byområdet Ålesund. Øya er bunden saman med sentrumsøya Aspøya via Hellebrua i Brosundet. Ålesund kommune omfattar likevel langt fleire øyar. Byfjellet Aksla på 135 moh. ligg på Nørvøya med restauranten Fjellstua.

På øya ligg dei austlege delane av det kommersielle bysentrumet, høgskulen, rådhuset og AaFK sin heimearena. Øya har om lag 9000 innbyggjarar.

Namnet Nørvøya kjem av norrønt Nyrvi, eller 'den smale øya'. Jamfør Norvasund, det norrøne namnet på Gibraltarsundet.

LitteraturEndra

  • Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (red): Norsk stadnamnleksikon, Oslo 1997. ISBN 82-521-4905-7