Boris Johnson (fødd 19. juni 1964) er ein britisk konservativ politikar, journalist og redaktør. Han var statsminister i Storbritannia frå 24. juli 2019 til 6. september 2022. Han blei vald inn i det britiske parlamentet i 2001, og som borgarmeister av London i 2008. Johnson har også vore skribent i fleire britiske aviser, og var ei tid redaktør for det konservative politiske magasinet Spectator. Johnson er kjend i britisk presse for ei eksentrisk framferd prega av humor og flauser.

Boris Johnson

Fødd19. juni 1964 (60 år)
New York by
Statsborgar avUSA, Storbritannia
PartiDet konservative partiet i Storbritannia
Yrkejournalist, politikar, redaktør, skribent, essayist, bloggar, historikar
Utdanna vedEton College
Balliol College
Ashdown House School
Ecole européenne Bruxelles I
MorCharlotte Johnson Wahl
FarStanley Johnson
EktefelleAllegra Mostyn-Owen, Marina Wheeler, Carrie Johnson
SambuarCarrie Johnson
BarnMilo Arthur Johnson, Cassia Peaches Johnson, Theodore Apollo Johnson, Lara Lettice Johnson, Stephanie Macintyre Johnson, Wilfred Lawrie Nicholas Johnson, Romy Iris Charlotte Johnson, Frank Alfred Odysseus Johnson
MedlemBullingdon Club
Beefsteak Club
Alle verv
  • Londons borgermester (2008–2016)
  • Storbritannias utenriksminister (2016–2018)
  • Medlem av Det kongelige råd (2016–)
  • Medlem av Storbritannias 57. parlament (2017–2019)
  • Medlem av Storbritannias 56. parlament (2015–2017)
  • Medlem av Storbritannias 55. parlament (2005–2010) (2005–2008)
  • Medlem av Storbritannias 53. parlament (2001–2005) (2001–2005)
  • britisk statsminister (2019–2022)
  • leder av Det konservative parti (2019–2022)
  • Medlem av Storbritannias 58. parlament (2019–2023)
  • First Lord of the Treasury (2019–2022)
  • Minister for the Civil Service (2019–2022)
  • Minister for the Union (2019–2022) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke

endre

Alexander Boris de Pfeffel Johnson blei fødd i New York som eldste son av Stanley Johnson, tidlegare konservativt europaparlamentsmedlem og tilsett ved Europakommisjonen og Verdsbanken, og den første kona hans, målaren Charlotte Johnson Wahl. Boris Johnson har ein blanda familiebakgrunn og har kalla seg sjølv ein «einmanns smeltedigel», ettersom oldeforeldregenerasjonen hans inneheld både jødar, kristne og muslimar.[1] Éin oldefar var den tyrkiske minsteren Ali Kemal Bey, som blei drepen under den tyrkiske frigjeringskrigen.

Johnson var stipendelev ved Eton og studerte ved Balliol College i Oxford. Han skreiv for avisene Times, The Wolverhampton Express og Star før han blei tilsett av The Daily Telegraph, der han mellom anna blei assisterande redaktør. Frå 1994 til 1995 skreiv han politiske kommentarar for The Spectator, som han blei redaktør for i 1999, ei stilling han gav opp då han blei skuggeminister for høgare utdanning i 2005.

Johnson er medlem av parlamentet for Henley i Oxfordshire. Han var offisiell opposisjonstalsmann (front-bench spokesman) som skuggeminister for høgare utdanning fram til han kunngjorde planane sine om å bli borgarmeister for London i juli 2007.

Boris har også vore gjest og gjesteprogramleiar fleire gonger i Have I Got News for You, det britiske opphavet til Nytt på nytt.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Boris Johnson