Boris Kustodijev

(Omdirigert frå Boris Kustodjev)

Boris Mikhailovitsj Kustodijev (7. mars 187826. mai 1927) var ein russisk målar, grafikar, bilethoggar og scenedesignar.

Boris Kustodijev

Sjølvportrett fram om Troitse-Sergijeva Lavra, 1912
Fødenamn Борис Михайлович Кустодиев
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjetunionen
Fødd 23. februar 1878
Astrakhan
Død

28. mai 1927 (49 år)
St. Petersburg

Yrke kunstmålar, scenograf
Språk russisk
Boris Kustodijev på Commons

Liv og gjerning endre

 
'Kjøpmannskona', 1915

Kustodijev vart fødd i Astrakhan. Han var son av ein lærar ved det teologiske seminaret der,[1] som døydde tidleg. Mora måtte forsørga familien, og leigde rom hjå ein lokal kjøpmannsfamilie. Her fekk Kustodijev fleire inntrykk han seinare skildra i måleria sine.[2]

Boris Kustodijev byrja studere ved det teologiske seminaret etter endt skulegonge. Ved sidan av studia fekk han i åra 1893-96 undervisning i målekunst av P.A. Vlasov i Astrakhan.[3] Han hadde si fyrste utstilling i 1896.[1] I 1897 såg han ei Peredvizjniki-utstilling som gjorde djupt inntrykk.[2]

I perioden 1896 til 1903 heldt han fram med utdanninga si ved St. Petersburgs kunstakademi, med mellom andre V.J. Savinskij og Ilja Repin som læremeistrar. Han tok del i arbeidet med Repins måleri Riksrådet samla til markering (Заседание Государственного совета). Dessutan laga han fleire portrett av kjende, samtidige russarar, mellom anna av Ivan Bilibin (1901). Sommaren 1903 la Kustodijev ut på ei reise langs Volga, frå Rybinsk til Astrakhan, for å finna motiv å måla.[2]

Kustodijev avslutta studia sine i 1903, og med stipend frå kunstakademiet i St. Petersburg la han i veg på si fyrste av fleire utanlandsreiser. Desse førte han i 1904 til Frankrike og Spania, 1907 til Italia og 1909 til Austerrike og Tyskland og atter ein gong til Italia.[1] I denne tida laga han mange portrett og sjangermåleri.[1]

 
'Provinsby', 1919

Frå 1905 til 1907 arbeidde han for det satiriske tidsskriftet Zjupel (norsk 'Skrekkgjenferd').[1] I 1905 byrja han også å illustrera bøker, noko han kom til å fortsetja med livet ut.[2] Han illustrerte verk av Nikolaj Gogol, Mikhail Lermontov og Leo Tolstoj. Frå 1911 laga han tidvis dekorasjonar til teateroppsetjingar, den fyrste til ei oppsetjing av eit stykke av Aleksandr Ostrovskij.[a][2]

Etter heimkomsten i 1909 til Russland vart Boris Kustodijev tilsett ved St. Petersburgs kunstakademi. To år tidlegare hadde han vorte medlem i Forbundet for russiske kunstnarar. I året 1911 slutta han seg til kunstrørsla Mir iskusstva. Frå 1913 underviste Kustodijev ved ein ny kunsthøgskule i St. Petersburg (Leningrad).

Alvorleg sjukdom, tuberkulose, tvinga han til å leggje vekk arbeidet med kunsten for ei tid, etter råd frå lækjar. Han gav seg i veg til ein privatklinikk i Sveits, og var der eit år. Frå 1916 var han lamma frå livet og ned. Han kunne ikkje forlata atelieret sitt, men fortsette å måla frå minnet.[1]

Etter oktoberrevolusjonen var han i arbeid på fleire felt, fyrst og fremst var han oppteken av tema i samtidas Russland. Slik oppstod utkast til plakatar, kalendrar, tidsskrift og bøker. Dessutan laga han litografi. I året 1923 vart han medlem av Unionen av målarar for det revolusjonære Russland. Han døydde i Leningrad i 1927.

Kustodijev laga livlege, skinande og frodige bilete. Størstedelen av verka hans er utstilte i Russlands Museum, i Nizjnij Novgorod kunstmuseum og i kunstmuseum i Astrakhan og i Tretjakovgalleriet.

Utvalde verk endre

Merknadar endre

  1. Горячее сердце, Gorjatsjeje serdtse

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Boris Kustodijev