Peredvizjniki

Peredvizjniki (russisk Передви́жники, 'omstreifarane, vandrarane')[1] var ei gruppe russiske kunstmålarar, som i protest mot dei restriksjonane tsardømet sitt leiande kunstakademi la på målarkunsten i landet samla seg i eit kunstnarfellesskap, som utvikla seg til Selskapet for vandreutstillingar, danna i 1870.[2] Gruppa var den første uavhengige utstillingsgruppa for russiske kunstnarar, og heldt 48 store utstillingar frå 1871 til 1923. Dei vart viste eit par månader i Sankt Petersburg og Moskva og vart deretter sende på vandring ut til dei store byane i provinsane.[3]

Framvekst og idegrunnlagEndra

Selskapet eller foreininga vart danna etter ein langvarig strid mellom avantgarden og demokratisk inspirerte krefter i det russiske kunstmiljøet på den eine sida, og på hi sida dei rådande i St. Petersburgs kunstakademi som heldt fast på ein idealiserande, akademi-stilistisk målarkunst med vekt på bibelske, mytologiske og historiske motiv.[2] Selskapet var meint å vere ei motvekt til Russlands dominerande kunstsenter. Kunstnarane bak rørsla hadde også som mål å presentera og vekka interessa for russisk kunst hjå eit breiare publikum.[1]

Sjølve grunnlegginga i 1870 i St. Petersburg kom på initiativ frå Ivan Kramskoj, Grigorij Mjasojedov, Nikolaj Ge og Vasilij Perov. Foreininga vidareutvikla dei beste tradisjonane i det eksisterande Kunstnarkollektivet. Dette kollektivet (artellet) vart leia av Kramskoj, han vart og leiar i den nye samanslutninga, Peredvizjniki.

 
Grigorij Mjasojedov Slåttefolk, 1887

Peredvizjniki var påverka av dei oppfatningane Vissarion Belinskij og Nikolaj Tsjernysjevskij forfekta omkring det folkelege og det estetiske. Til liks med dei fleste slavofilane var Tsjernysjevskij ein liberalar som med glød støtta frigjeringa av dei liveigne bøndene, noko som vart nådd då liveigenskap vart oppheva i 1861. Dei politiske aktivitetane hans førte til at styresmaktene forbaud publisering av alle skriftene hans.

På grunnlag av Tsjernysjevskij sine tankar braut 14 kunststudentar i 1863 med det statlege kunstakademiet.[1] Dei hadde bede om å få velja motiv til diplomverka sine fritt, men blitt nekta. Studentane valde då å ikkje ta del i den årlege gullmedaljekonkurransen, og forlet akademiet.[2]

Eit fleirtal av dei fjorten danna sju år seinare kjernen i Selskapet for vandreutstillingar (dei tenkte å halde kunstutstillingar som skulle visast rundt om i heile Russland). Til grunn for arbeidet sitt utvikla Peredvizjniki ein kunstnarisk kode basert på sosial og politisk kritikk, i motsetnad til rein estetisme. Tsjernysjevskijs idear omsette kunstmålarane i verk som la vekt på motivet eller emnet for måleriet. Peredvizjniki-målarane avviste «kunst for kunstens skuld» - filosofien til samtidas akademi-tradisjon. I staden rettferdiggjorde Peredvizjniki-målarane si kunstnargjerning (til liks med deira venner og samtidige Fjodor Dostojevskij, Leo Tolstoj, Ivan Turgenjev, og andre) ved målmedvite å prøve å gjere kunsten sin nyttig for folk og samfunn.

Praksis og aktivitetarEndra

Frå 1871 til 1923 arrangerte foreininga 48 vandreutstillingar med utgangspunkt i St. Petersburg og Moskva. Deretter vart utstillingane synt i Kiev, Kharkov, Kazan, Orel, Riga, Odessa og andre byar.[4]

Ettersom Peredvizjniki-målarane måla realistisk kunst viste verka deira dei mangesidige karaktertrekka ved samfunnet, ofte med kritisk tendens. Kunsten deira viste ikkje berre fattigdom men og det vakre i folkelivet; ikkje berre liding men også heltemot og karakterstyrke. I Peredvizjniki-rørsla sin menneskekjærlege kunst fanst det resolutt fordømming av russisk, autokratisk forfatning. Frigjeringsrørsla for det russiske folket vart framvist med empati (Arrestasjonen av propagandisten av Ilja Repin). Størst vekt i arbeida deira vart det lagt på skildringa av folket (Morgonen ved avrettinga av Streltsij av Vasilij Surikov).

 
Vasilij Surikov: Avrettinga av strelitsane, 1881

Peredvizjniki-rørsla opna i blomstringstida si (1870-1890) for eit vidsyn som hadde vore framandt for russisk målekunst til dess. Målarane la auka vekt på det naturlege og på biletet og motivet sin fridom. I kontrast til tidas tradisjonelle mørke palett, valde dei ein friare og opnare framgangsmåte med ein lysare palett når dei skulle skildre lys. Dei streba mot det naturnære i bileta sine, og skildra folkets tilhøve til dei omgjevnadene dei verka i.

Den oppfinnsame, originale folkekunsten til Peredvizjniki tente som eit effektivt middel i den demokratiske, offentlege, moralske og estetiske utdanninga av fleire generasjonar russarar. Ved å nære eit veksande revolusjonært medvit i samfunnet, vart målarkunsten ein viktig faktor i framveksten av ei russisk frigjeringsrørsle. Peredvizjniki-bilete påskunda folk si forståing for den revolusjonære rørsla i Russland.

Selskapet samla i dei tidlege åra sine bortimot alle dei mest talentfulle kunstnarane i landet. I Peredvizjniki var det òg kunstnarar frå Ukraina, Latvia og Armenia. Foreininga viste også verk av Mark Antokolskij, Vasilij Veresjtsjagin og Andrej Rjabusjkin. Viktig for utviklinga av Peredvizjniki-kunsten var kritikaren, demokraten Vladimir Stasov, og kunsthandlaren Pavel Tretjakov som viste måleria deira i galleriet sitt og ytte dei både viktig materiell og moralsk støtte.[5]

 
Ilja Repin: 'Ivan den grufulle og sonen hans Ivan den 16. november 1581' (1885)

Utstillingane fekk brei omtale i pressa, som tidvis kunne vera euforisk.[1] Verka til rørsla kunne òg skapa skandale, og særleg verka til Ilja Repin vart slått ned på. Måleriet hans av Ivan den grufulle som nett hadde drepe sonen sin skal ha fått damer til å svima av, og blei forbode å stilla ut etter ordre frå tsaren. På grunn av slike bilde vart alle måleriutstillingar underlagt sensur i Russland frå 1885.[2]

Foreininga si styrke og påverknadskraft i det offentlege voks jamt og sikkert, og autokratiet måtte gje opp å bruke taktikken med å vengeklippe Peredvizjniki. Det vart både gjort forsøk på innordne aktiviteten til Peredvizjniki-målarane, og å styrke det fallande verdet av verk som Kunstakademiet godkjende. I 1890-åra var Peredvizjniki-kunst inkludert i kunstakademiet sine strukturar, og foreininga sin innverknad viste att i dei nasjonale kunstskulane.[6]

SolefallstidEndra

 
Ilja Repin: 17. oktober 1905, 1906-11

Fram mot hundreårsskiftet vart Peredvizjniki-kunsten i mindre grad enn før oppfatta å avspegle folkelivet. Rørsla si påverknadskraft bleikna, og nokre av kunstmålarane begynte å vise sosialist-idear, eit uttrykk for framveksten av ei arbeidar-/klasserørsle. Mange frå Peredvizjniki engasjerte seg i å utvikle i sovjetkunsten, dei bringa med seg realisme-tradisjonane av det 19. hundreåret og hjelpte å forme kunstretninga sosialistisk realisme.

Kring 1898 var Peredvizjniki sin leiande posisjon i det russiske kunstlivet overstått. Ei ny rørsle kalla Mir iskusstva fanga større interesse og kom i førarsetet. Denne rørsla førte moderne trendar inn i russisk kunst.

Den 48. utstillinga med Peredvizjniki i 1923 vart den siste. Dei fleste medlemene vart med i Kunstnarforbundet i det revolusjonære Russland (AKhRR). Medlemene i dette forbundet støtta seg til Peredvizjniki sine tradisjonar, dei søkte å skape kunstverk forståelege for folk, samstundes som arbeida trufast avspegla det Sovjet-leiinga fann gyldig.

ReproduksjonarEndra

Sjølv om talet på tilreisande til utstillingane frå landsbygda auka i løpet av åra, var dei likevel mest retta mot eliten i byane. Lokale fotografar laga dei fyrste reproduksjonane av Peredvizjniki-måleria som ein ofte kunne kjøpa på utstillingane, og desse bidrog til å spreia kunsten. Bladet Niva hadde illustrerte artiklar om utstillingane. Frå 1898 vart landskapsmåleria til laget brukte som postkort. Diktsamlingar vart også illustrerte med landskapsmåleria. Sidan dei fleste russarar på denne tida ikkje hadde råd til å dra til Moskva eller St Petersburg, gjorde dette at dei lettare kunne bli kjende med fleire meisterverk. Sidan dess og til no har målaria vorte brukte i bøker som visuelle ikon på nasjonal identitet.[5]

Peredvizjnikij-målararEndra

Abram Arkhipov, Nikolaj Ge, Nikolaj Jarosjenko, Nikolaj Kasatkin, Ivan Kramskoj, Arkhip Kuindzji, Isaak Levitan, Rafail Levitskij, Aleksandr Litovsjenko, Vladimir Makovskij, Vasilij Maksimov, Grigorij Mjasojedov, Leonid Pasternak, Vasilij Perov, Vasilij Polenov, Illarion Prjanisjnikov, Ilja Repin, Andrej Rjabusjkin, Konstantin Savitskij, Aleksej Savrasov, Valentin Serov, Emily Shanks, Ivan Sjisjkin, Vasilij Surikov, Apollinarij Vasnjetsov, Viktor Vasnjetsov.

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Sartorti, Rosalinde (2010). «Pictures at an exhibition: Russian land in a global world». Studies of East European Thought 62 (3/4): 377–399. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Fedotova, Y. (4. oktober 2019). «Who were the Peredvizhniki and why were they so important in Russian art?» (på engelsk). Russia Beyond The Headlines. Henta 19. februar 2020. 
  3. Birger Keldal, "Vandremalerne I", Kunstmagasinet Janus, nr.3 september 2007, side 4-8
  4. Ely, Christopher (2000). «Critics in the native soil: landscape and conflicting ideas of nationality in Imperial Russia». Ecumene 7 (3): 253–270. 
  5. 5,0 5,1 Brooks, Jeffrey (2010). «The Russian nation imagined: the peoples of Russia as seen in popular imagery, 1860-1890s». Journal of Social History 43 (3): 535–557. 
  6. Donnelly, Michael E. «The Immortal Itinerants (Peredvizhniki)». Russian Paintings Gallery. Henta 30 June 2018. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Peredvizjniki