Borkmåleri er ei australsk aboriginarkunstform som omfattar måling på innsida av ei stripe trebork. Dette er ei kunstform med lange tradisjonar i Arnhem Land (særleg blant yolngufolk) og andre regionar i Top End i Australia, inkludert delar av Kimberley-regionen i Vest-Australia. Tradisjonelt laga ein borkmåleri i samband med opplæring og feiringar, og dei var forbigåande gjenstandar. I dag er dei etterspurde av samlarar og offentlege kunstinstitusjonar.

Den amerikanske presidenten George W. Bush ser på eit yirrkala-måleri ved Australian National Maritime Museum i Sydney.

Opphav endre

Dei eldste overlevande borkebilda stammar daterer frå 1800-talet. Eit døme på dei er ei borkeetsing av ein kenguru som no er i British Museum. Han blei samla i nærleiken av Boort nord i Victoria av den britiske utforskaren John Hunter Kerr.[1] Den moderne forma av borkmåling dukka fyrst opp på 1930-talet, då misjonærane i Yirrkala og Milingimbi bad lokale yolngufolk om å laga borkmåleri som kunne seljast i byane i New South Wales og Victoria. Motivet til misjonærane var å skaffa pengar som kunne bidra til å betale for misjonen, og òg å undervisa kvite australiarar om yolngu-kulturen.[2] Etterkvart som handelen voks og etterspurnaden etter måleri auka, blei leiande kunstnarar som Narritjin Maymuru bedne om å ha utstillingar.

Det var fyrst på 1980-talet at borkmåleri byrja å bli sett på som kunst, i motsetnad til eit interessant innfødd handverk, og dei byrja få høge prisar på den internasjonale kunstmarknaden. I dag kjem verdien av kunstnariske borkmåleri ikkje berre av talentet og kjennskapen til kunstnaren, og på kvaliteten av sjølve kunsten, men òg i kva grad kunstverket oppsummerer kulturen ved å fortelja ei tradisjonell historie.

Framstilling endre

Det beste materialet til borkmåleri er bork frå Eucalyptus tetradonta (engelske namn Darwin stringybark eller messmate). Borken må vera fri for kvisthol og andre feil. Det er best å skjera borken av treet i regntida, medan sevja stig. Ein skjer to horisontale liner og ei einskild vertikal line i treet, og borken blir forsiktig skilt frå treet ved hjelp av eit skarpt verktøy. Berre den indre glatte borken blir nytta og lagt i eit bål. Etter oppvarming i bålet blir borken flata med føtene og pressa ned med steinar eller stokkar medan han ligg flatt. Når borken har tørka er han klar til å måla på.

Til å måla nyttar ein jordpigment, eller oker, i raudt, gult og svart, mineraloksid av jern og mangan og kvit pipeleire, eller kalsiumkarbonat. Pigmenta kan festast med bindemiddel som PVA-lim, eller tidlegare med safta eller sevja til plantar som orkideknollar.

Tolking endre

 
Totemisk kenguruforfader - borkmåleri frå Arnhem Land, ca. 1915
 
Havet og himmelen (1948), av Mungurrawuy Yunupingu.

Borkmåleri byggjer på heilage design som omfattar abstrakte mønster og design (som kryss-skravering i særskilde fargar) som identifiserer ein klan, og inneheld òg ofte element frå Eternal Dreamtime. Nokre gonger er historieelementa tydelege, som menneske eller dyr, andre gonger er dei symbolske. Det som kan verka som ei rad bølgjande linjer med prikkar rundt kan i røynda visa til ei komplisert Dreaming-historie som skildrar vegen til ei skaparånd og hendingar som skjedde undervegs.

Uinnvigde er berre tillatne å måla utanfor-historier, den typen historie ein kan fortelja til eit barn. Dei som er innvigde kan måla ei innanfor-historie, som er avgrensa kunnskap. Såleis kan eit måleri bli vist på utstilling, eller lagt ut for sal, men kunstnaren, sjølv om han har rett til å male historia, har ikkje rett til å fortelja historia til ein annan person. Alternativt kan historia bak måleriet vera ei som ikkje vert fortalt til ein ikkje-innvigd person.[3] Sidan kjøparar ofte ønsker å kjenna historia som høyrer til måleriet, set dette kunstnaren i ei vanskeleg stilling. Kjøparen kan få ein forenkla eller forvrengd versjon av forteljinga.

Kjende borkmålarar endre

Kjelder endre

  1. «Bark etching of a kangaroo hunt». Arkivert frå originalen 29. oktober 2015. Henta 15. desember 2021. 
  2. Morphy 1991.
  3. Morphy, Howard (1991). Ancestral connections : art and an aboriginal system of knowledge. Chicago: University of Chicago Press. ISBN 9780226538655. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Borkmåleri