Borrby
55°27′26.543″N 14°10′41.365″E / 55.45737306°N 14.17815694°E
Borrby er ein tettstad i Simrishamns kommun i Skåne län i Sverige. Han ligg på Österlen mellom Simrishamn og Ystad. I 2005 hadde tettstaden 947 innbyggjarar.
I Borrby finst det både industri og jordbruk. Av servicetilbod har Borrby apotek, helsestasjon, pizzeria, restaurant, daglegvarebutikk, postkontor og sparebank. I Borrby ligg òg Sankta Maria kyrka, ei kyrkje som stammar frå 1100-talet.
Borrby har ein fotballklubb, Borrby IF, som blei grunnlagt i 1926. Dei spelar i 6. divisjon. Heimebanen er Borresvall, ein idrettsplass i utkanten av byen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Borrby» frå Wikipedia på bokmål, den 30. juni 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Borrby.com Arkivert 2008-05-15 ved Wayback Machine.
- Borrby IF
- Borrby- Östra Hoby församling Arkivert 2008-11-19 ved Wayback Machine.