Boston maraton
Boston maraton er eit maratonløp som blir halde årleg i Boston i Massachusetts i USA. Det blei skipa i 1897, inspirert av maratonløpet ved dei fyrste olympiske leikane i Aten, og er dermed blant dei eldste maratonarrangementa i verda. Løpet blir halde på Patriots' Day, den tredje mandagen i april.[1]
Løpet blei offisielt opna for kvinner i 1971, etter at kvinneaktivistar hadde delteke uoffisielt i løpet i nokre år.[1] Den norske løparen Ingrid Kristiansen vann Boston maraton i 1986 og 1989.
Bombeåtak i 2013
endre- For meir om dette emnet, sjå Boston maraton-bombinga.
15. april 2013, rundt tre timar etter at vinnarane hadde kryssa mållinja, blei det utløyst to bomber på Boylton Street, like ved mållinja. Løparar var framleis i ferd med å fullføre løpet då eksplosjonane fann stad. Tre personar blei drepne og fleire skadd.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Boston Marathon» frå Wikipedia på bokmål, den 21. april 2013.
- Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 History of the Marathon Arkivert 2014-04-24 ved Wayback Machine., Boston Athletic Association