Botolv Bråtalien

norsk politikar

Botolv Bråtalien (28. februar 18926. november 1969) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Ål. Han møtte på Stortinget frå Buskerud for Bondepartiet/Senterpartiet frå 1958 til 1965.

Botolv Bråtalien
Fødd 28. februar 1892
Død

6. november 1969 (77 år)

Yrke politikar, bonde

Bråtalien var son til ein gardbrukar. Han gjekk amtsskule 1907/08, mellomskule 1908/10 og landbruksskule 1912/13. Frå 1914 til 1943 var han skogvaktar for Statens skoger i Torpo. Han tok over farsgarden i 1932 og dreiv han i lang tid.

Bråtalien var formann 1928-38 i jordstyret i Ål, 1932-34 i Ål kommunale kraftverk og 1942-45 i skogrådet. Han var medlem i Ål heradsstyre frå 1928 til 1940 og frå 1952 til 1959, dei siste fire åra også i formannskapet. Frå 1933 til 1950 var han styreformann i Hallingdal meieri.

Frå 1954 til -57 var Bråtalien fyrste vararepresentant til Stortinget for Bondepartiet frå Buskerud, og vart partiet sin toppkandidat i 1957 etter at Hans Evju ikkje tok attval. Fire år seinare vart Bråtalien attvald til Tinget med klar margin i 1961. Han var medlem 1958-61 i Sosialkomiteen og 1961-65 i Justiskomiteen.

KjelderEndra