Camargue er eit landområde i Frankrike som ligg sør for byen Arles, mellom Middelhavet og dei to hovudløpa til deltaet til elva Rhônes. Den austre greina blir kalla Grand Rhône, og den vestre Petit Rhône. Administrativt ligg området innan departementet Bouches-du-Rhône; namnet tyder 'munningane til Rhône'. Ei vidare strekning med sumpsletter, Petite Camargue ('vesle Camargue'), ligg i departementet Gard, like vest for Petit Rhône.

Camargue
område
Land  Frankrike
Kart
Camargue
43°32′00″N 4°30′00″E / 43.533333333333°N 4.5°E / 43.533333333333; 4.5
Wikimedia Commons: Camargue

Geografi endre

 
Ved breidda av Étang de Vaccarès

Med ei utstrekking på over 930 km² er Camargue det største elvedeltaet i Vest-Europa. Teknisk sett er det ei øy, etter som det er heilt omringa av vatn. Det utgjer ei stor slette som beståar av store saltvannslagunar eller étangs, som er skilde frå havet med sandrev og omringa av sivdekte sumpar, som igjen er omgjevne av eit stort oppdyrka område.

Rundt ein tredel av Camargue er anten innsjøar eller sumpland. Det sentrale området, rundt breidda av Étang de Vaccarès, har vore verna som eit naturreservat sidan 1927. Området har stor tyding som ein tilfluktstad for ville fuglar, og det blei innlemma i «Parc naturel régional de Camargue» i 1972.

Flora og fauna endre

 
Rosenflamingoar i Camargue

Camargue husar meir enn 400 fugleartar, og saltvasslagunane gjev ein av få tilhaldsstader for rosenflamingoen (Phoenicopterus roseus) i Europa, og den einaste staden der arten parar seg. Dette skjer alltid på same stad, inne i reservatet. Opp mot 50 000 par kan opptre der samtidig.[1] Sumpane er òg ein framifrå heimstad for mange insektarter, og er særleg kjende for myggar. Området er òg kjend for oksene sine, og for hesterasen camargue.

Vegetasjonen i Camargue er spesielt tilpassa dei salte tilhøva i sumpane. Risp (Limonium) og salturt (Salicornia) trivst her, saman med tamarisk og siv.

Nasjonalpark endre

«Parc naturel régional de Camargue» blei offisielt skipa som nasjonalpark og naturreservat i 1970. Parken dekker 820 km², og er blant dei mest villmarksprega og best verna i heile Europa. Eit museum, like ved hovudvegen, gjev bakgrunnsinformasjon om flora, fauna og historia til området. Parken er òg verna som eit av ramsarområda i Frankrike.

Menneskeleg påverknad endre

Det har budd menneske i Camargue i tusenvis av år, og området er blitt mykje påverka av dette, med dreneringsarbeid, konstruksjon av dike, rismarker og saltpanner. Ein betydeleg del av det ytre Camargue er blitt drenert for jordbruk.

Camargue har sin eigen hesterase med namn etter området, dei berømte, kvite camaguais, som blir brukt av gardians som oppdrettar det kjende camarguiske storfeet, så vel som sauer.

 
Ein tradisjonell «gardian»-heim. Klatrepålen blir brukt til å få oversyn over dyra.

Det ligg få byar av ein viss storleik i Camargue. «Hovudstad» i området er Arles, som ligg heilt nord i deltaet, der Rhône deler seg i dei to hovudgreinene. Dei einaste andre nemneverdige byane er Saintes-Maries-de-la-Mer, rundt 45 km sørvest for Arles, som er åstad for den årlege pilegrimferda til romafolk til ære for Sankt Sarah, og den forskansa mellomalderbyen Aigues-Mortes heilt i den vestlegaste utkanten, i Petite Camargue.

I mellomalderen vart Camargue brukt av cisterciensar- og benediktinarmunkar. På 1600- og 1700-talet blei det grunnlagt store gods, kjent lokalt som mas, av rike landeigarar frå Arles. På slutten av 1800-talet blei Rhône dika opp. I 1858 blei digue à la mer (diket mot havet) bygd for å verna deltaet mot erosjon frå havet. Den nordre delen av Camargue er hovudsakleg jordbruksområde. Dei viktigaste avlingane er korn, druer og ris. Saltutvinning ved breidda til Middelhavet byrja i antikken, og var ei kjelde til rikdom for dei cistercienske «saltabbedane» i Ulma, Franquevaux og Psalmody i mellomalderen. Saltindustri byrja på 1900-talet, og store kjemiselskap som Péchiney og Solvay grunnla byen Salin-de-Giraud heilt aust i deltaet som senter for si verksemd.

Grensene til Camargue blir stadig endra av Rhône, sidan elva fører med seg enorme mengder slam og silt; så mykje som 20 millionar m³ årleg. Nokre av étangane er faktisk restar av gamle greiner av elva. Den generelle trenden er at kystlinja flyttar seg utover. Av den grunnen ligg til dømes Aigues-Mortes, som blei grunnlagd like ved kysten, no 5 km inne i landet. Farten på endringane er blitt ein god del endra i nyare tid på grunn av kunstige barrierar, som demningar ved Rhône og dike mot havet, men flaum er framleis eit problem i regionen.

Kjelder endre

  1. Tine Faltin (14. juni 2014). «Dette er det eneste stedet i Europa hvor flamingoene parer seg». Dagbladet. Henta 6. april 2016. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Camargue