Brønnøysunds Avis

Brønnøysunds Avis vert gjeven ut i Brønnøysund i Nordland fylke. Ansvarleg redaktør sidan 13. september 2012 er Matti Riesto.[1] Største aksjonær er Harstad Tidende Gruppen.

Historie endre

Den første utgåva av Brønnøysund Avis kom ut 8. oktober 1920, som ei hylling til lagtingspresident Andreas Kristian Andersen Grimsø på 70-årsdagen hans. Avisa kom ut jamleg to gonger i veka frå 22. oktober same år, med undertittelen Organ for Søndre Helgeland. Undertittelen vart seinare endra til Upolitisk organ for Søndre Helgeland.

Avisa lanserte eiga nettavis 6. mars 1995 to dagar før Dagbladet kom med si nettutgåve, og vart med det den første nettavisa i Noreg.

Opplagstal endre

Utvikling i nettoopplag.[2]

År Nettoopplag
2000 4 825

2002 4 649
2003 4 688
2004 4 659
2005 4 581
2006 4 450
2007 4 472
2008 4 516
2009 4 306
2010 4 035
2014 3 781

Redaktørar endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Knut Brækkan: «Brønnøysund Avis» i Årbok for Helgeland 1989

  1. BANett: Ny redaktør ansatt, arkivert frå originalen 23. september 2012, henta 13. september 2012 
  2. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.
  3. Brønnøysunds Avis slo Dagbladet på målstreken i 1995 – feirer 25 år som nettavis. NRK. Vitja 6. mars 2020 «På loftet i et hus noen mil utenfor Brønnøysund satt redaktør Petter Stephan Krokaa og natt til 6. mars 1995 og publiserte nettavisen»
  Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.