Brage er i den norrøne gudetrua ein klok og veltalande gud for dikting og skaldekunst. Han er også kjøkenmeisteren i Valhall.

Brage sittande med ei harpe. Måleri av Carl Wahlbom.

Brage er son av Odin og gift med Idunn. Han har ein nokså anonym plass i den norrøne mytologien, og dette kan tolkast slik at Brage berre av ein av dei mange skikkelsane til Odin.

Brage opptrer i Loketretta, forteljinga der Loke lager uro i gjestebodet til Æge. Han er den første som fortel Loke at han ikkje er ønskt, og den første til å truga han:

14. Brage kvad:

"Var eg utanfor,
Æges-halli
so nær deg som no:
hovudet ditt
eg i handi mi bar;
då læta du fekk for di lygn."

15. Loke kvad:

"Du er ov-kar i sessen,
men aldri slaget meir,
Brage benkje-pryda!
Kom ut og slåst,
um sinna du er,
djerv mann drev seg 'kje lenge."

Namnet Brage endre

«Brage» er i dag brukt som gutenamn. Ein finn det òg i namn som Brageprisen, ein norsk litteraturpris, i Brage Forlag, Brage Fagbokhandel og Fotballklubben Brage. Bragefeltet er eit oljefelt i Nordsjøen.

Kjelder endre