Bragerevyen er skolerevyen ved Kongsbakken videregående skole i Tromsø. Han blir halden kvart år rundt jul/nyttår, med premiere første nyttårsdag. Det er òg den revyen som har hatt flest førestillingar i heile landet.

Revyen hadde den første premieren sin 1. januar 1930 på teiknerommet på skolen. Den seinare forfattaren og historikaren Nils Ytreberg vende seg til ein av jenteklassane ved Tromsø Offentlige Høyere Allmennskole, som seinare endra namn til Kongsbakken videregående skole, med spørsmål om å lage underhaldningskabaret. Førestillinga skulle vere til inntekt for Bladet Tromsø sitt årlege lotteri, «Julegrisen», som då hadde 10-årsjubileum. Sidan den gongen har revyen vore sett opp i juleferien kvart einaste år, unntatt eitt år då rektoren på skolen nekta elevane å gjennomføre revyen. Revyen vart òg sett opp i krigsåra, men då under streng sensur av okkupasjonsmakta. Bragerevyen er ein av dei eldste amatørrevyane i landet, og ein av dei aller eldste amatørrevyane med kontinuerlege oppsetjingar i landet.

Kongsbakken skole har sidan slutten av 1800-talet hatt eit studentsamfunn med namnet Bragesamfunnet. Dei var dei første til å arrangere revyen, men etter kvart som Bragesamfunnet gjekk i oppløysing, heldt revyen stand og har vart heilt fram til i dag. Då revyen skulle få namn, vart ikkje elevane samde om han skulle heite Bragerevyen eller Bragiaden. Revyen skiftar difor namn annakvart år. I oddetalsår heiter revyen Bragiaden, medan han i partalsår heiter Bragerevyen.

Bragerevyen blir fullt og heilt arrangert av elevane på skolen. Tidlegare elevar og andre revyengasjerte i byen fungerer som frivillige instruktørar. Svært mange kulturarbeidarar, musikarar og skodespelarar hadde den første sceneopptredenen sin på revyane i Tromsø. Mellom bragianarar som no jobbar innan kultur, finn ein Espen Lind, Kristian Fr. Figenschow jr. og Finn Arve Sørbøe. Bragerevyen vann kåringa av Årets tromsøværing i 2007.

Tidlegare revyar endre

  • Bragerevyen 2012: Tatt av Brage
  • Bragiaden 2011: En god Bragefølelse
  • Bragerevyen 2010: Gratulerer med Bragen!
  • Bragiaden 2009: Viva la Brage!
  • Bragerevyen 2008: Bragenismen - bare den artigste overleve!
  • Bragiaden 2007: No brage det laus
  • Bragerevyen 2006: Verdens nordligste brageri
  • Bragiaden 2005: 75 år, en bragd
  • Bragerevyen 1990: Fallossomhalsen
  • Bragiaden 1989: Abrakabrage
  • Bragerevyen 1988: Når teppet fallera
  • Bragiaden 1987: Bragsuccess — kæm sa det?
  • Bragerevyen 1986: Bra´gebrocken
  • Bragiaden 1985: Bra’ gemén
  • Bragerevyen 1984: Bragevisjoner: en galleforestilling
  • Bragiaden 1983: Kongsbragen
  • Bragerevyen 1982: Bragen derpå

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  • Wikipedia på bokmål
  • Bragerevyen si facebookside