Brain Damage
Brain Damage Song av Pink Floyd frå albumet The Dark Side of the Moon | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. mars 1973 | |
Innspelt | Juni 1972-januar 1973 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 3:50 | |
Komponist | Roger Waters | |
Tekstforfattar | Roger Waters | |
Låtskrivar(ar) | Roger Waters |
---|
«Brain Damage» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd på albumet deira The Dark Side of the Moon frå 1973. Songen er skriven og sungen av Roger Waters, og er den einaste songen Waters faktisk syng på albumet, sjølv om han skreiv alle tekstane. Etter Waters gjekk frå bandet tok David Gilmour vokalistrolla på songen.
Komposisjon
endreSongen går forholdsvis langsam, og er bygd opp av vers og refreng. Sjølv om songen heiter «Brain Damage» er det mange som kallar han «Dark Side of the Moon» fordi denne tekstlinja vert nemnd i refrenget. Songen glir rett over i «Eclipse», og desse vert ofte spelte i lag på radio.
Tema
endreAnd if the cloud bursts, thunder in your ear
You shout and no one seems to hear.
And if the band you're in starts playing different tunes
I'll see you on the dark side of the moon.
Roger Waters har sagt at det galskapsbaserte temaet i teksten er basert på Syd Barrett, tidlegare frontfigur i Pink Floyd. Linja «I’ll see you on the dark side of the moon» indikerer at Waters kjende noko av det same som Barrett i form av mentale særeigenskapar. Linja «And if the band you're in starts playing different tunes...» referer til episodar på slutten av Barrett si tid med bandet, då han fleire gongar spelte noko heilt anna enn resten av bandet under konsertar. Songen opnar med ei ganske vidkjent tekstlinje: «The lunatic is on the grass...» Teksten mot slutten av songen referer til lobotomi.
Andre versjonar
endre- Ei konsertutgåve av songen vart gjeven ut på P*U*L*S*E, og er her sungen av David Gilmour.
- In the Flesh: Live, eit konsertalbum av Waters, innneheld ein versjon av songen i lag med «Eclipse»
- Ein alternativ versjon av songen med ein annan lydmiks vart gjeve ut på samlealbumet Works.
Medverkande
endre- Roger Waters – bassgitar, solovokal, lydbandeffektar
- David Gilmour – elektrisk gitar, harmonivokal
- Richard Wright – Hammondorgel, VCS3 synthesizer
- Nick Mason – trommer, røyrbjøller, lydbandeffektar
med:
- Lesley Duncan – korvokal
- Doris Troy – korvokal
- Barry St. John – korvokal
- Liza Strike – korvokal
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Brain Damage (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 5. januar 2007.