Eclipse av Pink Floyd

song av Pink Floyd
Eclipse
Song av Pink Floyd
frå albumet The Dark Side of the Moon
Språk engelsk
Utgjeve 17. mars 1973
Innspelt Juni 1972 - januar 1973
Sjanger Progressiv rock
Lengd 2:06
Komponist Roger Waters
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters

«Eclipse» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd på albumet deira The Dark Side of the Moon frå 1973. Songen er laga og sungen av Roger Waters med David Gilmour på harmonivokal.

Komposisjon endre

Songen eksploderer rett frå slutten av «Brain Damage». Sjølve songen varer om lag eitt og eit halvt minutt, før hjarteslaga frå byrjinga av albumet avsluttar songen dei siste 40 sekunda.

All that is now
All that is gone
All that's to come
and everything under the sun is in tune
but the sun is eclipsed by the moon.

Roger Waters (1973)

På enkelte utgåver av albumet kan ein etter 1:35, under Gerry Driscoll sitt taleparti, høyre ein orkesterversjon av The Beatles sin song «Ticket to Ride». Det har lenge vore diskutert om det er ei meining bak dette, men truleg er det berre musikk frå eit nabokontor under innspelinga av intervjuet med Driscoll.[1]

Det fulle svaret som blei gjeve av dørmannen Gerry Driscoll (på spørsmålet «Er det ei mørk side av månen?») var:

«There is no dark side of the moon, really. As a matter of fact, it's all dark. The only thing that makes it look light is the sun.»

Den siste setninga vart derimot tatt bort, truleg for å gje eit større inntrykk på slutten av albumet.

Fakta endre

10. mars 2004 vart songen brukt for å vekke Marssonden «Opportunity». Dette er ikkje første gong Pink Floyd har vorte spelt i verdsrommet. Russisk kosmonautar tok med seg ein kassett av Delicate Sound of Thunder med seg i rommet, og Pink Floyd vart då (uoffisielt) det første bandet som vart spelt i verdsrommet.

Songen vart spelt under fyrverkeriseansen under opningsseremonien til sommar-OL 2012 i London, like etter OL-elden var tent.

Andre versjonar endre

  • Ein konsertversjon av songen er med på P*U*L*S*E, sungen av Gilmour i staden for Waters.
  • Waters har òg gjeve ut ein konsertversjon av songen på In the Flesh: Live i lag med «Brain Damage».
  • Ei utgåve av songen med ein annan lydmiks vart gjeve ut på samlealbumet Works.

Medverkande endre

med:

Merknadar endre